Gå til innhald

Luke tjueto

desember 24, 2010

Der fann eg:

Eit pynta juletre, krumkaker og gome

Eit usedvanleg koseleg førjulstreff hos Ståle og Siv Torild

Eg var fornøgd med å vera ein dag framfor meg sjølv med juletrepynting. Tradisjonelt har all pynting til jul foregått om kvelden på lillejulafta… Sjølv om dei andre kom med små ytringar av mistru til måten eg gjorde det på, så vart det så font så…

Eg fekk lokka min handlande mann til å kjøpa ingredienser til gome-koking, men då eg var vel i gang oppdaga me at han hadde gløymt å kjøpa prim og brun sirup. Eg bestemte meg for å gå ut og kjøpa det som mangla. Sidan bittelille julafta i følge radioen er den dagen med flest biluhell på grunn av stressa og uforsiktige sjåførar, og sidan det faktisk var ganske glatt, gjekk eg til fots. Det var isande kaldt. Ikkje ofte eg verkeleg frys på den måten på både fingrar, nase og øyrer.

Om kvelden var me bedne til  «open kåk» hos Siv Torild og Ståle. Konseptet var at ein tok med seg noko etande til å dela med andre, og at ein kom og gjekk når det passa etter klokka 18.00. Det var fullt hus og veldig triveleg. Lur måte å gjera det på!

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget