Gå til innhald

Gje meg luft…

januar 10, 2011

Eg trur de har rett. Dikta mine treng meir luft for å bli meir lesbare. Eg testar det akkurat ut på papiret, og eg trur det er slik det må bli. Kva trur de, godtfolk. Eg trur ikkje eg har bydd på dette diktet før, men må innrømma at det går litt i surr for meg kva eg kastar ut kor…

*

Eg såg meg i spegelen

og såg at eg var gammal.

Eg vakna og oppdaga

at det heile var ein draum.

*

Ikkje heilt endå,

ikkje i dag,

sa spegelen.

*

Eg kikka nærare etter

og såg

at åra på mystisk vis

har sprunge frå meg.

*

Eg må vel ha vore her

den dagen det skjedde?

*

Ja, det må eg jo ha vore.

Eg som har levd og levd.

*

Eg som har hanka inn

dansande dagar,

strevsame dagae,

fire barn

og hundrevis av elevar.

*

Eg har sett gjestar koma og gå

og godtfolk passera langs vegen.

Eg har hatt malande kattar

strykande mot leggene mine

og meir enn ein gong

plukka roser  og kvite blomar.

*

Eg har klamra meg fast

med tenner og negler.

Har hengt bakpå tida

medan det gjekk så det kosta

og klort meg fast etter beste evne.

*

Visst var eg der då toget gjekk,

det gjekk bare så fort.

*

Eg har så mykje å gjera

i dag eller i går

eller helst i sist veke.

*

Svara finn eg ikkje,

eg bare kviskrar lågt

medan det heile susar vidare:

*

Herre gjer meg til ein reiskap for din fred.

Lat meg så fred der hatet rådar.

Så får det vera det same med resten.

*

Når eg ein vakker dag får tid,

skal eg samla saman dagane mine,

skal eg telja dei og leggja dei i uryddige bunker,

skal eg prøva å få visdom i hjartet.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget