Gå til innhald

Dagane flyt som elv i straum.

januar 20, 2011

Og dei fyllest av innhald. For ei veke sidan var eg i gravferda til far til ei venninne. Bror hennar hald ein minnetale som var så vakker og varm at avdøde vart skildra med varme streker for våre indre auge. Eg har jobba og skrive. Tanken på å få rydda kontoret ligg der og dirrar, det skulle verkeleg ha vore gjort, men eg synest ikkje eg har tid til å prioritera det… Eg har vore på kino med syster og sett «Another year», ein film som skildrer optimisme, livsglede, det vakre i eit heilt vanleg liv og dei såre tinga som dukkar opp og som me må hanskast med. Eg anbefalar filmen.

Niesa mi vart plutseleg sjuk og måtte ta ein heilt uventa operasjon, men heldigvis gjekk det bra, ho er heime og er øm og nyoperert, og me ser at livet av og til byr på skremmande overraskingar som ingen kunne ha sett for seg på førehand. Eg har vore på eit veldig bra skrivekurs, og blitt endå meir motivert til skriving, og i går var eg hos farmor for å gratulera med  nyleg overstått 94 -årsdag. Me stansa på ein blomsterbutikk for å kjøpa blomar, og eg la merke til at gratulasjonskorta stoppar på 90 år. Kanskje fabrikantane må justera aldersstigen etterkvart. Ei grandtante av meg runda nettopp hundre. Eg har ikkje sett henne på fleire år, men i følge ryktene er ho framleis relativt sprek. Kanskje kort med «Gratulerer med 100- årsdagen» ikkje blir den største salsboomen foreløpig, men det er faktisk bruk for dei. Turen til farmor gjekk i strålande januarsol med fullmåne på veg heim. Far spanderte billetten, og pølse på meg og mor på vegen heim.

I byen møtte eg kjærasten min, og me var på andre delen av tangokurset me har begynt på. Eg har ikkje heilt blitt smitta av den voldsomme danseiveren min kjære har hatt dei siste fire åra, men akkurat tango er ganske kjekt.

For to dagar sidan krasja macen min. Eg anar ikkje kva som er gale, men i beste fall er harddisken intakt om eg bare kunne få starta maskinen. Heldigvis fekk eg i grevens tid, kvelden før han takka for seg, teke back-up, slik at eg fekk berga det meste av tekstar frå skriveåret mitt. Back-up.kjære lesarar, ikkje gløym å ha back-up. Det kunne ha gått heilt gale dette… Det er ein teori i heimen om at katt på tastaturet kanskje ikkje er så bra for datamaskinar. Men stakkars vesle vennen dom har fått for vane å ligga der og mala ein stad mellom tastene og skjermen medan eg skriv…

Nå var eg nettopp kalla ned til litt konsulentverksemd i kjellaretasjen. Ingrid sit og jobbar med eit maleri av noko bortimot «Madonna med mops,» og sjølv om ho sit med linjal og rutenett og diagonalar for å få proporsjonane rette, så er det frykteleg vanskeleg å få heilt rett vinkel på ein veslefingar eller ein mopsenase. Ho er flink og sta. Eg hadde ikkje hatt sjanse til å få det til. Sunniva jobbar med to store teaterforestillingar som skal ha premiere i neste veke. Eg gleder meg til å sjå dei begge.

Og nå må eg tilbake til den eigentlege skrivinga. For det må jo bli tid til litt trim og ksnakje eit minstemål av husarbeid før kveldsjobben. Nå snakkar ho som er i permisjon…  Har ikkje tid til å skriva, for eg skriv liksom… Og eigentleg skulle eg ha skrive noko anna før eg skriv det eg skal skriva nå. Eg høyrest ut som Den stundesløse eller Erasmus Montanus…

Ha ein fin januardag…
Heidi

5 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Det lyser livsmot og takksemd av orda dine!! Glad eg kjenner deg!

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Det var då usedvanleg vakre ord. 🙂

  3. student grants's avatar
    student grants permalink

    What a great resource!

  4. emma's avatar
    emma permalink

    Det er mange ord som du skriv i dag, som du eller eg ikkje viste om for 20 år sidan: krasja macen, backup og harddisk. Fasinerande!
    Gler meg til å sjå «madonna med mops…»
    Vi har feira Arilds 25 års dag i helga sidan Hege og han har vore på besøk. Babyen veks i magen og dei har det bra. Koseleg!

  5. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Ja, det kan du seia. Eg tenkjer på det sjølv og når eg skriv 🙂 At det snik seg inn merkelege engelske ord. Eg har ordna meg i den veka me snakka om. Eg ringer deg ein dag. Sikkert veldig kjekt med Arild og Hege på besøk. Heia farmor 🙂

Kommenter innlegget