Barndomsminne frå Øvre Vats
Oterfjøla flyt
bak båten
far ror.
*
Kaldt vatn
mot handa mi
som pløyer overflata
kjøleg, sanseleg
med sprikande fingrar
ikkje skrem fisken
seier bror min.
*
Fisken i ein plastpose
det vart då nokon
til slutt
eg kvir meg
for å knekka nakkane deira
fingrane inn
i dei stripete raude gjellene.
*
Vassa med gummistøvlar
Dra båten skikkeleg til land.
*
På gummistøvlar
opp bakken
mot det kvite huset til farmor.
*
Forbi hesjene
med gult høy
som luktar sterkare
om kvelden.
*
Over vegen
som mor trur
er farleg.
*
Forbi stikkrenna
som bror min
forsvann
ned i ein gong
og eg lo
sjølv om det
var det siste
eg skulle ha gjort.
*
Kvelden mørknar
rundt bringebærkrattet
sjølv om det er sommar.
*
Fjøskleda heng på ein spikar
i bislaget
dodøra til høgre
det er alltid kaldt
å setja seg der
med vindauget
ut mot gardsromet.
*
Skyla hendene
i den store vasken
den med ausa
der farfar drikk vatn.
*
Steikjepanne med brunt smør
fisken i salta mjøl
med mykje svart pepar.
Steikja til skinnet knasar
frydefullt mellom tennene
rosafarga kjøt
steikte poteter frå middagen
og saus av sur fløyte.
Eta sjølv om det
er nesten natt nå
og me må tidleg opp
om me skal vera med i fjøset.
Heidi
LIknande innhald
From → Barndomen min., Farmor, Mat, Mor og far., Natur, Poesi, sommar
Øvre Vats
teksten over
steikte poteter frå middagen
så fin ein tekst å lese
Tusen takk, Øystein.
Herlegt!
🙂