Rødhette og skogen
Seint i går gjekk eg ein kveldstur for å samla skritt. Eg bestemte meg for å ta ein runde i lysløypa, men oppdaga at eg er litt meir mørkredd enn eg likar å tru. Først møtte eg ein mann med ein stor hund, og plutseleg såg både mannen og hunden ganske farlege ut, men eg gjekk med raske skritt og lot som eg ikkje skjøna at eg snart kunne bli angripen av ein farleg hund og ein skummel mann. Så fekk eg hjartet opp i halsen fordi eg møtte ein mann som gjekk i skogen med kvit maske, ei slik skummel maske utan ansiktsutrykk. Korfor i all verda går folk i skogen aleine når snart klokka er elleve om kvelden med ei kvit heilmaske? Det ville vera for påfallande å bråsnu, så eg gjekk rett fram, og då eg var ein meter frå han såg eg at det ikkje var ei maske likevel, det var bare lyset frå lyktene i lysløypa som hekk ansiktet hans til å bli kvitt og uttrykkslaust.
Så var det ein mann som ropte på meg, men han ville bare fortelja at han likte salmane mine, og slikt liker me jo høyra. Og så møtte eg ingen, men det var plutseleg veldig mørkt innover skogen og ned mot vatnet. Plutseleg høyrer eg eit skikkeleg brak rett på sida av meg, ein mann som hoppar fram frå eit mørkt kratt, eller eit stort dyr. Eg får hjartet opp i halsen og blir stiv av adrenalin i bein og armar. Plutseleg oppdagar eg at eg kan springa, springa som eg gjorde då eg var lita jente. Eg snur meg og spring til eg får blodsmak i munnen, og torer ikkje å snu meg, konstaterer bare med ei viss lette at eg ikkje høyrer steg bak meg. Langt der framme ser eg ein ny mann med hund, denne ser bare trygg ut. Eg spring til eg reknar det for sikkert at han kan høyra meg viss eg skrik, først når eg når brua som fører meg ut av naturområdet vågar eg å stoppa…
Nei Rødhette får viss heller halda seg til opplyste vegar med mange hus når ho må ut på kveldsvandring. Sjølv om ho likar luktene og fuglesongen i ein skog etter at mørket har lagt seg…
Avsluttar med eit lite fragment frå midnattsgudstenesta påskenatt:
Men alt er mørke
før kyrkja fyllest av lys,
for Kristus er sanneleg oppstanden.
*
Små stearinlys
midt i natta
og lyset legg seg
mjukt og vennleg
over kyrkjebenkene
*
musikken kjem
og fyller oss
*
medan eg kjærteiknar
dei tynne hårstråa i nakken
på yngste dotter mi
medan ho lener seg
tungt mot meg
*
Det er tida for å ta i mot.
vekslande lys,
med skarpe svingar,
og slake og bratte motbakkar,
einsemd og jubel.
*
Me tek med oss lysa
ut i vinden
der me
ståande mellom gravene
lovsyng
Han som er Herre over døden.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Natur, påske, Tru, våren