Gå til innhald

Kom sommarvind

mai 8, 2011

I dag har det blåse her. Blåsa gjer det heile tida, og i dag har det vore ekstra friskt sånn reint vindmessig. Det seier litt i ein del av verda der det heiter seg at på vindstille dagar bles det bare ei høne på sjøen. Me har vore ute og godt i den milde, varme vinden, og så lenge han er varm, er det slett ikkje så gale å få litt ekstra fart på hår og tekstilar.  Det er kanskje i heftigste laget når fleire av glasa fyk av bordet medan me et grillmiddagen vår, og kassen me oppbevarer puter i to gonger bles ned frå verandaen…

Noko av det finaste eg har gjort i dag var å legga meg på magen på terrassen i sola og lesa ei bok, det gjaldt bare å finna ein plass der det let seg gjera at boka ikkje bles vekk, og då må ein nærast mogleg bakken. Dessverre var det ikkje bare lett å få fred der. Oscar var over meg som ein liten propell og slikka håret mitt og leikebeit i øyreflippane. Etter at han var send inn, kom Cleopatra og insisterte på å ligga oppå boka og mala medan eg las. Etter å ha servert katten middag for å få lesefred kom barnebarnet til naboen og lurte på om han kunne få litt hjelp til å leita fordi veslebroren hans hadde kasta eit lite leiketøy inn i hagen vår. Slike søte så sjarmørar let seg ikkje avvisa sjølv om ein er midt i ei bok, og under befaringa måtte eg konstatera at hagen vår er noko nær eit katastrofeområde. Ein av styrkene mine er at eg kan sitja med ei bok eller eit skriveprosjekt og konsentrera meg hundre prosent sjølv om tak og vegger ramlar ned rundt meg… Og det hender det faktisk at dei gjer, om ikkje i 100% bokstaveleg forstand. Det fine med det er at eg har eit liv med plas til mykje kreativitet og ro midt i alt som skulle ha vore gjort. Ulempa er at ikkje alt som skulle ha vore gjort blir gjort.

Men sundag er då kviledagen, og går ein ikkje rundt med stegreknar, derfor blei det eit par tre timar med tur i den fine sola i staden for husarbeid, og då eg kom heim hadde eg lova Sunniva litt hjelp med ein stor historieprøve ho skal ha i morgon. Sunniva sitt dilemma er at livet hennar er så fullt av aktiviteter at ein del av skulearbeidet får eit visst skippertakspreg. I dei siste to timane har me jobba oss gjennom seinmiddelalder, svartedauden, reformasjonen, humanismen, renessansen, kolonitida, slavehandel, unionstida og invisisjonen. Heldigvis er historie eit av yndlingsfaga mine, så ei slik reis gjennom tidsepokar er eigentleg bare kjekt, sjølv om eg nok hadde ønska at me hadde betre tid på oss. Får håpa ho hugsar det meste til i morgon.

Og visst burde eg vaska håret før eg legg meg etter å ha blitt rundslikka av ein hund, som sjølvsagt ikkje burde ha fått lov til å leika med hår som flagrar i vinden.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget