Gå til innhald

Bøker, kostyme, skriving og sommarregn

mai 9, 2011

I føremiddag sat me og kobla teikningar og små tekstar til ei bok om sinne og glede som skriveelevane mine har laga i lag med to av klassane på kunstfag. Det ligg ganske mykje arbeid i det å ferdigstilla ei slik bok, men eg ser at det skal bli kjempefint. Etter at malen til boka var sånn nokonlunde på plass, så hadde eg ein stor jobb med å finna kostyme til dei to forestillingane med teatergruppene våre: «Den store fargeslukaren» og «Frå oldemor si bokhylle.» Arbeidsdagen vart avslutta på Fretex der eg leitte etter knickarsar, bukseselar og skjorter som ser gamle ut. Eg fekk tak i nokre stripete skjorter med kvit krage. Dersom eg klipper av kragen over snippen, kjem det til å sjå ut som skjorter frå 1800- talet. I morgon skal me øva i mange timar, og med begge gruppene, og eg har tilløp til panikk fordi me bør vera i mål nå, og det kjennest ganske langt fram dit.

I dag hadde eg ein gjeng damer her. Me har starta ei slags kreativ gruppe og deler med kvarandre av det me kan. Sist var me hos Hilde og malte, i dag var me her og skreiv. Det var veldig kjekt.

Ein tur i mildt sommarregn vart avslutninga på dagen. Eg har verkeleg fått dreisen på det å gå. Akkurat nå går eg fleire timar kvar dag. Det tek tid og må prioriterast, men eg har bestemt meg for å gjennomføra det i nokre månadar som eit slags eksperiment. Det er i alle fall veldig deilig å vera ute på den måten, eg får verkeleg observert at sommaren inntek naturen både ved vatnet, i skogen og på stranda. Eg prøver å kjenna att fuglane eg ser, og har faktisk vurdert å kjøpa meg ein cd med fuglelyder for å kunna skilja dei ulike songarane i skogen frå einannan. Akkurat det er eg dårleg på. Eg trur eg kjenner att vipe, gauk, kråker, måker, lerker, ender og duer. Alt anna er eg usikker på.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Om du har iPhone så finns det en fantastisk app till den, som spelar upp allla olika fågelläten medan den också visar bild på fågeln i fråga! Det är så fint ljud att de vilda fåglarna svarar när du använder appen i naturen! 😉

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Stilig. Har ikkje iphone sjølv, men det fins fleire i huset 🙂

Kommenter innlegget