Ein morgontekst
Dei er det ikkje så mange av, sidan mitt biologiske ur er slik innretta at eg opplever fleire seine netter enn tidlege morgonar. Nå skulle det kanskje vera på tide med ein liten morgontekst her i frå. Slik er morgonane hos oss i Kong Sigurdsgate:
«Det tusler og det tasler, det braker og det rasler…» Ein etter ein går dei som bur her, meir eller mindre stille gjennom romma for å gjera seg klare til å koma seg på jobb eller for å nå toget til vidaregåande skule og universitet. Cleopatra strekkjer kattekroppen sin etter nattesvevnen, mjauar og vil ut, eller ho skrapar mjauande på døra for å koma inn etter ukjende natteeventyr.
Oscar bjeffar optimistisk mot ein ny dag. I motsetning til Cleopatra som lever sitt eige liv, er han heilt avhengig av respons og oppfylgjing frå dei tobeinte. Han torer ikkje eingong å gå i trapper endå, så kontrasten er stor til kattedyret vårt som elskar å balansera på takmønet til naboen, og som står flatt på golvet på loftet, tek sats og hoppar rett ut takvindauget. Samanlikna med henne er vesle Oscar ein litt klumsete og keitete valp med eit litt overregulert ego. Men søt er han, det skal han ha. William kvitrar i buret sitt, der han er relativt trygg for klørne til andre syr, og når katten er ute hender det at han får dansa på bordet eller ta seg nokre svingar rundt taklampa før han landar på eit hovud eller ein skulder.
Det suser i røyra av folk som dusjar, og kaffitraktaren spreier lukt av morgonkaffi rundt i huset. Omtrent i det sistemann lukkar døra bak seg begynner dagen min. Eg vaklar ut på kjøkkenet til ferdig kaffi og så set eg meg ned med macen min for å starta dagen.
I dag måtte eg opp, for å gratulera 18 åringen min med dagen. På bordet stod det ei skål med druer, blåbær og bringebær, ei skål med engelsk lakriskonfekt, eit koseleg kort frå farmor og eit englekort frå oss. I eit hus der alle ekstraordinære godsaker forsvinn før nokon får tenkt seg om, var eit grovt frokosthorn frå bakaren stilt opp saman med presangane på bordet. I tillegg til ein pengepresang fekk ho to cd-plater, ei bok om fototeknikk, ei hummingbird bakebok og ei rosa retrointeriørbok. Ho var strålande fornøgd og Sunniva er eit slikt menneske som verkeleg kan stråla. Det lyser av henne når ho er glad, både av auga og resten av ansiktet.
Godt fornøgd pakka ho ranselen til eksamen, i ein isboks pakka ho litt oppmuntrande niste, druer, vannmelon og to slikkepinnar. Eg håpar det går bra. «Teater i perspektiv» er eit spennande fag. Eg og ho har utført eit lite djupdykk saman nå under eksamenslesinga, og eg kjenner at teatervitenskap er noko eg verkeleg kunne tenkt meg å studera. Men det spørs om eg nokon gong får tid til å studera meir, kven skal gjera dei andre tinga i livet mitt medan eg tek eksamenar. Eg vil gjerne fokusera på skriving, og må vel innsjå at dei tilmålte daglege timane mine ikkje blir lenger same kor mykje eg riv og slit og tøyer dei…
Dette skal og bli ein dag med mykje innhald om han går som eg trur. Nå skal eg laga ei stor gryte med kjøttkaker som skal serverast i kveldinga ein gong. Så skal det bakast litt, eg skal prøva å få vaska loftet slik at det kan visast fram for overnattingsgjester i overmorgon, eg skal baka litt, laga bordkort til festen på laurdag, legga siste hand på songhefte og program og dessutan stikka innom skulen for å oppdatera meg på livet i første klasse til hausten, og vera med på eit overføringsmøte i den eine barnehagen elevane våre kjem frå.
Det blir travelt å koma tilbake i full jobb. Dette skuleåret med skrivepermisjon, som heldigvis skal vara i tre månadar til har vore heilt fantastisk. For eit par veker sidan sat eg med ein gjeng kolleger med namnelister over elevar som skal begynna hos oss. Då fekk eg den litt kriblande gledekjensla eg har kjend før når eg har site med slike lister. «Dette er namna på dei ungane eg snart skal bli kjend med og glad i.» Det er eit stort privilegium å jobba med ungar. Akkurat det har eg elska frå første dag i skulen. Visst er det mykje anna som kan slita ein heilt ut, men akkurat det å leva så tett innpå sprell levande barn og gå saman med dei gjennom ulike utviklingsfasar, akkurat det er heilt vidunderleg.
Og nå ventar dagen på meg som eit stort grønt eple eg snart skal setja tennene i så hardt at safta sprutar og den sterke syrlege safta gir meg tårer i auga. Måtte dagen vera velsigna.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Kattar, Livet og alt ein burde ;-), Mat, Oscar Otto, Skriving, Skule, våren