Nå har vi vaska golvet,
og vi har børi ved. Det er bare så vidt me ikkje har pynta tre og. Å administrera ein fest for over 60 gjester krever litt. Nå skal eg straks ned i lokalet og bruka dei siste to timane på å gjera klar lokalet. Eg gleder meg og et kriblar litt av fryd og gru i magen. Kva som går gale og kva som går etter planen vil snart visa seg. Føremiddagen har me brukt til å plukka blomar, kjøpa roser, omnsteika poteter laga eggerøre av 24 egg, kutta åtti roser i passe lengde til å stå i kvitvinsglas, skore laks i fine skiver og tenkja gjennom programmet ein gong til. Nå er eg kledd og staila av Ingrid som har sminka meg, eg kjenner meg oversminka, men ho seier at det er så vidt det viser, så då får ho lov til å bestemma i dag. Eg lurer på kor eg skal festa stegteljaren, men det finn eg vel ut av.
Eg fekk denne helsinga av ei venninne som er i Syden:
Langsomt blir allting til
Mørket ble lys
og lyset ild,
og mennesket våknet en dag
og sa; Jeg vil.
Langsomt blir allting til.
Inger Hagerup.
Det er ein fin tanke. Skapinga pågår framleis. Framleis blir du skapt til den du skal vera når du skal møta framtida.
Og så fekk eg med meg dommedagsprofetiene om at verda skal gå under i dag. Men heldigvis såg eg ein time seinare at dommedag var avlyst fordi klokka nå hadde passert det tidspunktet då verda skulle gå under.
Sjølsagt trur eg ikkje på det, men eg må innrømma at slike profetiar alltid er litt ekle. Og eg vil nødig kombinera verdens undergang med 50-årsdagen min… Men som Ingrid sa med eit visst glimt i auget; Du ville i alle fall vera i den aller beste sosiale settinga i det det skjedde…
Ha ein fin kveld. Det har eg tenkt å ha.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Gode venner., Poesi, Uncategorized