Gå til innhald

Pan og alt det andre

desember 2, 2011

Bak luke to fann eg:

Pan av Knut Hamsun

Språkhistorie

Ein malande katt og ein ivrig hund

Eit tynt kvitt lag på bakken.

Eit ventande julebord.

Dette må gå i veldig full fart, for dagen er fullbooka, men eg har då ei viss evne til å hala fast på eigne sære idear som å skriva her kvar dag. Dagen har eigentleg ore fri, men eg hadde lova å hjelpa Ingrid litt med oppkjøringa til norskeksamen. I damband med det les eg Pan av Hamsun, og likar det eg les. Av ein eller annan grunn har eg viss aldri lese den boka før. Me har og site på kvar vår sofa og diskutert dialektar og språkutvikling, som er ein del av eksamensførebuinga. Det er utruleg interessant. Alle som kjenner meg veit at eg synest denne formen for feirong av ein fridag er uendeleg mykje kjekkare enn rydding og vasking av hus, som eg kanskje reint objektivt heller burde halda på med… Då eg sykla til Ingrid i føremiddag, låg det eit tynt, kvitt lag på bakken. Sola har til og med glitra. Kanskje det forrykande uveret som er spådd å koma til skrivedagen vår i morgon uteblir? Det er lov å håpa.

Nå er det itt skriving, kjapp rydding og å gjera seg klar til julebordet. Før eg går må eg finna fram rekvisittar til dodraugen.
Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget