Gå til innhald

Nøtteknekkaren

desember 5, 2011

Bak luke fem skjulte det seg:

Den første omgangen snø

Lyn og tore

Ei ballettforestilling

Ein ettermiddag og  kveld med syster mi

I dag morges låg det eit lag med snø ute, og plutseleg braka tora laus og lyna smalt i bakken. Sunniva, som var på veg til toget, fekk panikk for å bli truffen av lynet, og sprang rett heim att. Via bilen rakk ho det med eit naudsskrik. På skulen var ungane elleville over at snøen hadde lagt seg.

Vilde dansa ballett på Sandnes kulturhus. Dei utgjorde eit stort kompani; elevar frå Sandnes kulturskule, to profesjonelle dansarar og avgangselevane frå danselinja på Vågen. Eg trur det må ha vore med meir enn hundre dansarar. Forestillinga var eit eventyr. Scenen var som frå ei billedbok med den julemagien ein hugsar frå barndommen. Det var ei stolt tante som kunne gi Vilde og alle dei andre ståande applaus etterpå.

I stova spelar Halvard piano, andre delen av «Til Elise». Tidlegare i kveld høyrde eg han var borti gitaren. Han har vore heilt utan inspirasjon til å spela i det heile tatt det siste halvåret, så eg gleder meg verkeleg over å høyra at det kan virka som om han er i gang att.
Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget