Gå til innhald

Dramatisk dag

desember 6, 2011

i betydningen mykje drama, i betydningen teater.

Det å setja opp eit teaterstykke med femti seksåringar er noko for seg sjølv. Det gjeld å halda tunga beint i munnen. Dei er heldigvis så naturleg sjarmerande at det nesten er dømt til å bli bra uansett… Men det å få ein seksåring til å skilja mellom leik og teater er ikkje gitt av seg sjølv. Når ein er inne i rollen som Jesper eller Jonatan, så kjennest det naturstridig å la seg fanga utan motstand når politimeister Bastian eller ei viss ganske streng tante kjem for å gjera akkurat det… Det er heller ikkje lett å fortelja dei at løver og kattar går lettare over scenen på to enn på fire bein, og det å stå roleg oppstild på korkrakkar i ein halv time og synga utan å bevega seg for mykje er heller ikkje  så enkelt… Men det er ein levande ting å leggja kreftene ned i, og eigentleg elskar eg det. Nå er det snart premiere, me skal først visa det for hundrevis av barnehagebarn og så for foreldre og besteforeldre. Heldigvis har eg tre andre dyktige lærarar med meg i prosjektet.

Etterpå ein liten lunsjpause med Jan Ivar før me tek i mot dei to dramagruppene som me har kvar tysdag. Etterpå rigga eg Kardemommebyscene. Nå står det bare att å stryka ein duk til det vesle bordet til venstre på scenen. Og så å prøva kostyma på dei. Det blir spennande å sjå om tomannskameldrakta er alt for stor for dei.

Ute er det glatt nullgradersføre. I dag er eg klar for ein tidleg kveld.

Heidi

From → jul, Teater og film.

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget