Tiande desember
Bak luka denne dagen fann eg:
Mange kalendarar for 2012
Norsk tekst til ein kvænsk salme
Julebrevet for i år
Thomas Tranströmer
Eit koseleg førjulsselskap
Plutseleg hadde eg den norske teksten til den kvænske salmen klar. Dersom dei som har spurd meg om å ta oppdraget godkjenner teksten vel å merka. Det kan tenkjast at eg må gå ein runde til. Forøvrig så sluttar det ikkje å forundra meg at tekstar liksom blir til av seg sjølv og hoppar ut av papiret og kjem for å helsa. Teksten er ei eigenarta natursalme med pietistisk tilsnitt. Det er ein salme som handlar om at sommaren er komen etter ein kald vinter. Eg tek med den foreløpige varianten som ein song å varma seg på og drøyma seg litt vekk i sånn på den mørkaste tida av året.
Morgonsola varmar kjærleg
sigersfjell med lys og brann,
alle sorger, all bekymring,
alt som tynga oss forsvann.
Kom nå alle himmelfuglar,
pust og fly i sommarvind.
Syng nå alle glade lerker,
kom og syng ein sommar inn.
Nå har siste stormen stilna,
vinteren har reist sin veg.
Snøskyer og frost er borte,
tåka har sagt takk for seg.
Blada brest på bare kvistar,
kvite roser står i knopp,
mild sørvestvind i frå Edom
opnar sommarporten opp.
Småfuglar dei syng i glede,
her er sommarluft og fryd,
biene har nettopp vakna,
alt blir fylt med sommarlyd.
Livet syng og sæla lyser
i frå Kristi kyrkje nå.
Sommarsola over krossen
viser kven me ventar på.
Nådepusten fyller brystet
gråten stilnar, alt blir fred.
Her er lys og her er stille,
sommarlufta strøymer ned,
strøymer mildt mot oss frå Kristus
tvilen teier, håpet sviv.
Ein gong skal eg reisa her frå,
heim til vår og evig liv.
Dersom du har lyst til å høyra melodien, så ligg han ute på youtube med originalteksten som begynner slik: Aurinkomme ylösnousi.
Om kvelden var me inviterte i selskap til Arne og Hilde. Me tok bilen i ekstremveret og Halvard sat på eit stykke. Han spurde oss kva me skulle gjera der. Eg sa at me skulle eta god mat, synga, lesa dikt for einannan, sjå på Cuba-bilete, prata og dansa salsa. Han svarte straks at han var glad det var lenge til han vart så vaksen at han måtte gå i sånne selskap…
Men for oss som er vaksne nok til å lika denslags, så hadde me ein heilt nydeleg kveld. Eg er mektig imponert over han som høyrde melodien til salmen eg hadde omsett på youtube, straks prikka han ned på papir og så spelte medan me prøvesong oss gjennom omsetjinga. Det var ei spesiell oppleving. Tenk å vera så musikalsk! Eit anna høgdepunkt var at Arne fann fram flosshatten og friska opp si ukjende ungdomstid som tryllekunstnar. Me lot oss imponera.
Det var dagen for Nobelprisar, og eg høyrde eit program om Thomas Tranströmer i radioen. Sidan me var bedne om å ha meg oss dikt me kunne lesa høgt, så tenkte eg at det kunne passa å lesa noko av Tranströmer. Eg oppdaga han for ein del år tilbake, og kunne leita fram ei bok frå dikthyllene mine. Eg avsluttar her med eit av dikta eg las. Det er omsett av Jan Erik Vold:
C-dur
Da han kom ned på gaten etter kjærlighetsmøtet
hvirvlet snø i luften
Vinteren var kommet
mens de lå hos hverandre.
Natten lyste hvit.
Han gikk fort av glede.
Hele byen hellet.
Forbipasserende smil-
alle smilte bak oppslåtte krager.
Det var fritt!
Og alle spørsmålstegn tok til å synge om Guds tilværelse.
Så syntest han.
En musikk rev seg løs
og gik i yrende snø
med lange skritt.
Allting var på vandring mot tonen C.
Et skjelvende kompass rettet mot C.
En time over plagene.
Det var lett!
Alle smilte bak oppslåtte krager.
Thomas Tranströmer.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Bøker, Gode venner., jul, Kjærasten min, Natur, Poesi, Skriving, sommar, Tru, vinter