Gå til innhald

Kunst på biblioteket

mai 3, 2012

Me har eit fantastisk bibliotek. I dag har me flytta litt på reolar og laga oss eit lite rom med stolar, prosjektor, storskjerm, PC og kart på veggane. Der har eg sitte og teke i mot skuleklassar for å fortelja dei om Flintoe og Munthe som reiste omkring i dei norske fjella på 1800-talet for å mala bilete og teikna kart. Midt i forestillinga ein plass får dei lov til å kikka i kosmoramakassane, og det er like kjekt kvar gong eg merkar at dei blir veldig stille og konsentrerte når eg fortel dei historia om den store fuglen på Stetind som tok sauer og lam frå folk, og ein av mennene sydde seg inn i saueskinn i håp om å bli teken av fuglen og koma opp i reiret for å få øydelagd det. På biblioteket er det ei eigenarta stemning mellom bokreolane, studentar sit rundt omkring ved borda og les til eksamen, ungar koser seg i leikekroken, og det luktar herleg frå matlaginga på den franske restauranten.

I kveld har me hatt ei open forestilling der elevar frå kulturskulen utfylde kunstformidlinga med musikk, song og opplesing. I morgon skal eg ha tre nye skuleklassar før me sender utstillinga vidare. Så langt trur eg det har vore veldig vellukka. Nå føler eg at eg plutseleg har fått ein fridag fordi klokka er ni og eg ikkje har meir eg må gjera i kveld. Nå skal eg laga meg litt kveldsmat og bare kosa meg.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Jarfeld's avatar
    Jarfeld permalink

    Fantastisk oppleving, ein riktig «höjdare»! Når ord, tonar og bilete smeltar saman og skapar slik ein vedunderleg harmoni, då vert ein torsdagskveld i mai fullkommen. Tusen takk til alle aktørar som gjorde denne forestillinga i biblioteket ufatteleg blomstrande og rik for oss som var så heldige å få vera til stades! Mvh Jarfeld

  2. Scylla's avatar
    Scylla permalink

    Låter trevligt! Berättelsen påminner mig om något i Tusen och en natt 🙂

Kommenter innlegget