Gå til innhald

Sekstande mai

mai 16, 2012

Ei lita førsteklassehand i mi. Han snakkar om syttande mai og vil gjerne at me skal øva oss på at ein av oss ropar hipp-hipp og den andre hurra. Me kjem til ein flokk elevar som øver på å gå i syttandemaitog, skulekorpset spelar og ein barnehage med heimelaga syttandemaipynt kjem marsjerande for å øva dei og. Igjen får eg denne merkelege rennande-auge-refleksen, eg er viss i ferd med å utvikla ein ekstrem grad av sentimentalitet, det ser ut til å bli verre med åra. Det har regna heile dagen, og det er ganske kaldt ute. Ein positivbieffekt er at me får nyta bløminga av både tulipanar og kirsebærtre i langdrag. Nokre år er det så varmt at bløminga eksploderer og tek slutt før ein får tenkt seg om.

I heimen er det ein spesiell dag. Odd Christian sin leilegheit er innflytningsklar, så han og faren og systera har vore på handel og kjøpt sofa og spisebord og brukt resten av dagen til flytting. Eg får ta ein tur bort i morgon, det blir spennande. Nå har han jo flytta ut mange gonger, og denne gongen blir det ikkje lenger borte enn at ein kan sykla bort på under eit kvarter, så den store sorga vil nok ikkje overmanna meg i denne omgangen. Det er likevel rart at nå minkar det på oss i heimen. Fram til oktober budde me sju personar, ein hund ein katt og ein undulat her i huset. Når Sunniva reiser i august blir det bare tre av oss tilbake pluss katten. Eg har vel ei kjensle av at undulaten og kjem til å bli buande sjølv om han er Sunniva sin…

Sunniva er russ, og nå har eg nesten, men bare nesten vent meg til å ha russ i huset utan å få alt for mange katastrofetankar om kva som kan skje i russetida. Det som er skikkeleg spennande er at teaterstykket hennar «Definisjon irrasjonell» skal spelast på høghuset lørdag kveld. Det blir spennande å få sett det i levande live. Ho fekk omtale i lokalavisa i dag, og det er alltid litt stas. Nå har eg brukt ettermiddagen på å vaska og rydda, så ein del av romma ser ganske strigla ut sjølv om huset ber preg av at nokon flyttar ut i dag. I omnen har eg eit sukkerbrød som skal bli syttandemaibløtkake med kvit krem, raude jordbær og blå bllåbær på toppen. Litt feiring får me unna oss sjølv om det blir ein ganske tilbakelent nasjonaldag. Eg skal nå ut og vinka til elevane mine som skal gå i syttandemaitog, og om kvelden skal eg på ei tilstelning og lesa dikt eg har skrive. Kjenner på lukta at eg bør gå ut og sjekka om kaka er i ferd med å bli svidd… Så får eg som alle andre gode nordmenn kryssa fingrane for litt mindre regn og litt fleire plussgrader i morgon.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget