Det året me fraus på 17. mai
Eg vakna natt til 17.mai av at eg var iskald. Det ende med at eg lukka det opne vindauget, sjølv om eg søv med ope vindauge sjølv i dei kaldaste vintermorgonane. Tidleg på morgonen vakna eg på ny av skulekorpsmusikk i gatene, og gjekk ut og festa det store norske varandaflagget vår som første mann i gata. Eg fekk og laga ein i-siste–17.mai-bukett av blomar frå hagen, raude tulipanar, blå scylla og ein kvist frå kirsebærtreet, og rakk å dynka bløtkaka med appelsinbrus, fylla ho med jordbær og krem og pynta med blå blåbær og raude jordbær i den kvite kremen. Så var det å kle på seg for å vinka til førsteklassingane mine i 17.-maitoget. Eg kan ikkje hugsa å ha kledd meg så varmt nokon 17.-mai, med ullstrømpebukse, høge støvlettar, med skjerf og regncape over den grøne kjolen. Likevel fraus eg så eg nesten hakka tenner medan eg stod og venta på toget. Ungane var stort sett kledde i bunadar og finklede, sikkert med rikeleg av ullundertøy under, bare eit fåtall hadde teke konsekvensen av veret og kom i full regnhyre med 17.-maisløyfe og gummistøvlar. Likevel var det fint å stå der og prata med dei eg tilfeldigvis møtte av kjentfolk.
Vel heime var det varm kaffi og ullpledd på sofaen med ein sveip innom NRK for å sjå litt på feiringa i resten av landet. Eg spurde om mor og far ville eta bløtkake med oss, og det ville dei. Då syster lurte på kva me hadde for program, inviterte me dei og. Ingrid bakte ei sjokoladekake i full fart og vaffelrøre vart rørt i saman. Sende ei melding til bror og sånn etterkvart, men dei hadde andre planar. Me var einige om at me eigentleg hadde vore nok ute og skrudde panelomnane på fullt. Varmen fekk eg ikkje i meg før me langt utpå kvelden hamna i den varme stova til Arne og Hilde. Dei hadde teke konsekvensen av det heile og fyrt godt i peisen. Men ein riktig hyggeleg 17.-mai vart det likevel, med døtre, mor og syster i sofaen, og ullpledd til disposisjon der og. Ingrid hadde sydd 17.-maidress til Oscar av to skjorter som var for små, og han spratt svært så fornøgd omkring. Då eg seinare høyrde nokon fortelja at på 17.mai var det to gradar kaldare enn på julafta, sju gradar på julafta og 7 på 17.mai, ja då trudde eg på dei.
Eit par flyttelass bort til Odd Christian vart det og. Han var så glad for å endeleg vera i eige husvere at han ikkje lot seg lokka heim til mor sine kakaer. Om kvelden hadde eg lova å lesa dikt på nasjonalfest på Klepp Rådhus der eg var i selskap av ordførar, rådmann, musikarar og ikkje minst operasongar Berit Mæland, som eg faktisk hugsar som ungdom i ungkyrkja då me kom til Bryne for 26 år sidan. Eg elskar å høyra henne synga, så det vart nasjonaldag med store bokstavar til slutt etter ei svært så roleg sofafeiring tidlegare på dagen. Det var ikkje fritt for at eg følte meg litt som spurv i tranedans då eg skulle fram og lesa etter ein feiande avdeling av Berit med Beth Iren Byberg ved klaveret, men det gjekk bra. Eg trur eg hadde den kjensla som på godt norsk heiter «hoppa etter Wirkola» då eg entra talarstolen for å lesa dikt om vår og samhald. Her er ein av tekstane eg las:
I veka før kirsebærtreet
dryssar kronblad
som kvit snø
over det grøne graset
skal eg bare stå der,
roleg ventande
under kvitbroderte greiner
stå der og kikka opp
på kvite kokosbolleskyer
mot bleikblå himmel.
Bare stå der
og tenkja ut
lange kjærleiksbrev til Gud.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Gode venner., Kjærasten min, Mat, Mor og far., Musikk, Oscar Otto, Poesi, våren, veret