Gå til innhald

Som alltid når livet har vore ekstra intenst

juni 12, 2012

så står eg her litt forvirra og lurer på kva ende eg skal begynna med her på tastaturet. Det er så mykje eg eigentleg ville ha skrive, og så blir det litt for mange trådar eg kunne ha plukka opp. Kanskje eg rett og slett gjer akkurat det sånn etterkvart, for nå reknar eg med at eg er på nedgiringa til noko som heiter skuleferie og som er stort og romsleg og ubrukt med mykje plass. Framleis er det over ei veke til eg er heilt der, men nå er alle teaterforestillingar viste, bøkene skrivne og trykte, turane avvikla og rapportar og evalueringar skrivne og stort sett leverte. Bare ein del rydding står att i tillegg til seks dagar med undervisning. Eg såg det var lenge sidan eg hadde logga meg inn på sida mi, for her låg det ein liten stabel spamkommentarar som skulle slettast eller godkjennast. Av ein eller annan merkeleg grunn handla nesten alle om viagra og antidepressiva…

Kanskje eg skal starta med den mest nærliggande teksten, ein liten situasjonsrapport frå akkurat nå. I ettermiddag har eg hatt fri etter skulen. Fri som i ingen avtalar og ingen forpliktelsar og ikkje noko som helst som må gjerast innan i morgon tidleg. Eg kan ikkje hugsa sist eg hadde ein slik ettermiddag. Eg har ligge på sofaen og lese ei bok av Anne B Ragde; «Jeg skal gjøre deg så lykkelig», og eg takkar alle gode makter for at eg ikkje er fødd inn i ei tid der kvinner først og fremst og meir enn noko anna er forventa å vera perfekte husmødrer med nypussa vindauger og støvfrie heimar. Eg kan nesten ikkje tenkja meg noko konsept eg ville ha passa dårlegare inn i. – Ja, bortsett frå den delen som handlar om omsorg for ungar, den har eg alltid elska. Når eg les om denne gjengen husmødrer, sjølvsagt skrive i vår eiga nåtid med eit nokså skrått blikk bakover, så kan eg forstå at eg som barn tenkte at det å vera vaksen var forferdeleg kjedeleg. Heldigvis kan eg trøysta det barnet som var meg sjølv med at vaksenlivet har vore heilt annleis og med mykje sterkare islett av leik og undring enn eg frykta som barn. Av og til når eg les bøker lurer eg på om det verkeleg finst levande menneske som trivst med å setja inn alle krefter på å halda huset i orden og spara til ny sofa og nye gardiner. Eigentleg har eg vanskeleg for å tru det, men heldigvis så er me veldig ulike einannan, så heilt sikker kan eg vel ikkje vera. Og om det skulle vera nokon som seier, «Jo då, dette er meg», så skal eg respektera det djupt og ta av meg alle hattar, det er bare så langt unna det som eg finn mest fascinerande her i livet, – til nå i alle fall, eg bør vel ikkje sjå vekk i frå at eg kan ha utviklingspotensiale.

Først i dag fekk eg med meg den triste meldinga at Arnfinn Haram var død.. Han døydde av eit hjarteinfarkt under ein sykkeltur på sundag. Etter at eg var saman med han på seminar for ein del år sidan, så har eg fulgt bloggen hans og lese mykje av det han har skrive. Før eg møtte han tenkte eg at han var ein mann med ei anna og langt meir konservativ kristendomsforståing enn meg. Då eg møtte han fekk eg utruleg sansen for mannen som sprang rundt i den kalde kyrkja med ein tjukk strikkegenser over munkekutta. Han framstod som svært reflektert, varm, raus og humoristisk, og den siste kvelden vart eg sitjande og snakka ganske lenge med han. Etter dette har han stått for meg som ein modig mann og ein viktig stemme i samtida.  Eg kjende rett og slett sorg då eg høyrde om dødsfallet, og måtte inn på bloggen hans og lesa. Det siste innlegget handla om Jobs bok og om dette å våga å stå i å vera eit levande menneske. Det var sterkt å lesa.

Nå går huset til ro, og det skal eg og gjera. Eg har vaska klede, støvsugt og laga sein middag til Sunnniva som akkurat nå er oppe til praktisk gruppeeksamen i drama-teater og som saman med to andre har fått i oppgåve å laga ei lita forestilling i løpet av 48 timar. Legg merke til at eg nesten skryt litt av mine husmorbragder, det får stå som eit herleg malapropos til det eg skreiv to avsnitt lenger opp…

Augene svir. Eg veit ikkje om det er allergi eller undertrykt søvnmangel. Det er kanskje mest sannsynleg ei blanding av desse to, så eg fritek meg sjølv frå å lesa korrektur på denne teksten. Det får eg ta ein annan dag. Eg har sett ein vakker dansk dokumentar om terminal kreftpleie og strikka på eit regnbogefarga babyteppe. Tenk om eg hadde fleire slike friettermiddagar. Akkurat nå kjennest det berusande deilig at sommaren skal koma og ta med seg store mengdar uorganisert tid, for nå er eg akkurat så sliten som ein kvar lærar med respekt for seg sjølv er kvart einaste år i slutten av juni.

Heidi

One Comment
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Nydeleg, syster !!

Kommenter innlegget