Gå til innhald

Eg har forsiktig teke steget over terskelen

juni 24, 2012

til det romet som heiter «Sommar med god tid». Eg sit på ein glasveranda,  i eit stort hus i Bærum. Med andre ord sit eg på ein veranda med glasveggar og glastak, med ei lånt skyggelue på hovudet, som skugger for sola som velsignar meg akkurat nå, etter at regnet verkeleg har hølja ned, og gjort det ekstra koseleg å sitja her inne og kikka ut på ein utruleg frodig sommarhage der plenen forsøksvis får lov å veksa seg til blomstereng. Dette huset er me så heldige å få låna ei vekes tid som første del av sommaren 2012, som truleg blir ein sommar på reis som skikkeleg farande fantar.

Me tenkjer at dette er sommaren det er naturleg å opphalda seg mykje i Bærum fordi svigerforeldra mine ikkje er så spreke akkurat nå, og ungdomane våre kjem til å  pendla litt fram og tilbake mellom Jæren og austlandet dei og.  Midt på sommaren kjem det i tillegg  tre veker i USA, som me reknar med å gjennomføra som planlagd. Først skal me vera ei veke i New York saman med Halvard og Sunniva, så sender me ungdomane heim, leier oss ein bil og kjører sørover for å sjå kva eventyr som måtte opna seg. Og i løpet av så mykje opne sommardagar med så mykje ikkje-planlagd-tid, så har eg ein draum og eit håp om å få skriva kvar einaste dag både her og andre stadar.

Vekene før ferien har som ein skikkeleg kontrast til det som koma skulle, vore stappfulle av program. Då gjer ein som eg lærte då eg hadde den første kjøretimen ein gong for lenge sidan, siktar langt fram og tek ein sving om gongen. Det fungerer utmerka når ein har noko å sjå fram i mot, for då veit eg jo at overforbruket av krefter sansynlegvis kan hentast inn om ikkje alt for lenge, og så opnar dørene seg til dette annleislandet som heiter sommarferie, og som blir ekstra annleis når ein er langt vekke frå alt heime som gjerast burde.

Så eg har gått på tur med førsteklassingar, trøysta dei som ikkje orkar gå lenger, og halde i små hender etter kven som hadde mest bruk for det. Eg har plastra oppskrapte barnekne og sunge sommarsongar med tårer i augene, eg har frekventert sommaravslutningar og skrive rapportar og evalueringar, eg har rydda i ringpermar og kasta ting eg kanskje kjem til å angra på at eg har kasta fordi det var så trongt i hyllene.

Etter siste skuletimen kjørde eg og Ingrid til hagesenteret og planta blomar som eg rakk å få planta i bedet framfor huset før eg pakka kofferten.  På fredagskvelden var me i ein fantastisk triveleg femtiårsdag med sko, blomar, skjerf og konfekt på borda og store båtar seglande ein stad ute i horisonten og bølgeskvulp i øyrene.  Me var seint i seng og tidleg oppe, og saman med Sunniva og Ingrid brukte me mesteparten av gårsdagen i bilen. Sunniva øvekjørde heile vegen, bortsett frå dei aller brattaste fjellovergangane, og me havna i stova hos svigerforeldra mine klokka halv seks om kvelden.

Dagen vart avrunda med fantastisk god rømmegrøt, spekemat, flatbrød og norske jordbær i anledning St.Hans hos Eva Mari. I dag vakna me til første feriedagen utan tettpakka program og nå var det plutseleg tid til skriving. Det kjennest veldig bra, så om alt blir som eg håpar, så er  ein innhaldsrik ferieblogg med innebakte reiseskildringar frå inn- og utland hermed opna… Sunniva har forresten reist allereie. Det var buss for tog mellom Oslo og Drammen, men bussen som skulle til toget kom aldri til Lysakar stasjon, så nå sit ho i ein maxitaxi som skal frakta henne og fem andre heilt til Stavangerområdet. Ganske sjuk organisering. NSB sluttar aldri å overraska…

Heidi

 

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget