En velsignet dag
Han kom på sykkel med sykkelhjelm på hovudet og magasinet= Oslo i sykkelveska. Han spurde om nokon av oss likte å lesa = Oslo, og eg repliserte at det likte eg veldig godt, og at eg gjerne ville kjøpa eit av han. Han smilte breidt og blidt og ynskte meg ein fin dag. Og eg svarte at «Takk det same du og.» Då smilte han endå breiare og sa at eg måtte ha «en velsignet dag også, for det går an å ha en velsignet dag, visste du det?» Eg smilte og sa at eg visste veldig godt at det gjekk an å ha ein velsigna dag. Det var akkurat det eg hadde faktisk, og eg håpa at han og hadde ein velsigna dag. Han sa at «Takk det skulle han ha,» og så sykla han vidare.
Eg har litt vonde bein etter å ha tråkka rundt på sko som det nok passar betre å sitja relativt stille og vera fin i. Nå skal eg ordna middag til middagsgjstene me har bestilt.
Heidi
….og så eg som heilt har slutta å bekymra meg for deg og sko…jaja. Ha en velsigna dag
Signa dagen, lyse kveldar og mjuke netter! Spania helsar – her er kveldane fløyelsflotte og varme!!
Det er farleg å slutta å bekymra seg, Gunn 🙂
Ein velsigna dag til dokke begge.
Hels Solgården frå meg.