Gå til innhald

Nokre av oss

juni 30, 2012

er ikkje spesielt glade i å fly. I morgon skal store deler av dagen tilbringast oppe i lufta, og det kjennest absolutt ikkje som mitt rette element. Eg spør meg sjølv korfor i all verda eg utset meg for flyturar, og svaret til meg sjølv er at det gjer eg bare når eg må. Så sant det med rimeleg grad av fornuft kan la seg gjera å koma til eit mål til fots, på sykkel med buss eller tog, så gjer eg det på den måten. Eller i bil så lenge nokon andre enn meg sit bak rattet, det må eg innrømma…

Men nokre stader i verda må ein transportera seg via lufta for å kunna koma til. Og i morgon dreg me til USA medan firbeinte og ungdomar passar huset heime. Me vil gjerne ta med oss Halvard og Sunniva til New York, og me vil gjerne på biltur for to i USA. Og eg har bestemt meg for at det er prisen verd å vera i lufta nokre timar for å oppnå det. Det skal då vera sunt å utfordra seg sjølv. Kva eg er redd for? Å detta ned, så klart. Eg høyrer ikkje til dei som får kick av å utfordra det farlege. Så veit eg jo at statistisk sett er det relativt trygt, at fly lettar og landar i hopetal kvar einaste dag, og at det er få ulykker. Eg er ikkje redd når dei eg er glad i er i fly, bare når eg er der sjølv. Det er ikkje logisk.

Og visst har eg høyrt vitsen om at ein i alle fall veit at ein kjem ned att… Takk eg har høyrt han før, og eg synest ikkje han er morsom… Så eg pakkar og puslar og ryddar og set pris på livet mitt. Viss alt går som det sikkert går, så vil eg føla at eg får livet i gave att om ca eit døgn. Det er ein ganske fin følelse,- eg har hatt han før…

Og så godt eg kan lener eg meg mot den store tilliten som eg trur meg å vera ein del av. Eg lukkar auga og pustar inn og ut så roleg som eg klarer.

Og så ligg verda open med eventyra på rad og rekkje… Akkurat som dei i grunnen gjer det her heime og…

Heidi

From → Reiser, sommar

2 kommentarar
  1. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Ha en vidunderligt härlig resa!
    Jag flyger också ogärna, fast det är mer för miljöns skull. Men efter att ha åkt buss fran och tillbaka till Italien i fjol så bestämde vi oss för flyg till Österrike i år. Vi får väl hoppas att Vår Herre håller sin hand över både er och oss och alla andra som är i luften.

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Eg har sjølvsagt dei same kvalene for miljøet, men eg må innrømma at frykta for flystyrt veg tyngre. Lukka til med dykkar tur til Østerrike. Det går helst bra.

Kommenter innlegget