Første dag i New York
Ein merkeleg bieffekt av å skifta tidssonar austover, er å plutseleg bli eit morgonmenneske. Då me var i USA første gongen for fem år sidan, rakk me å vera morgonfuglar i i alle fall tre veker før me begynte å aklikmatisera oss. Eg forstod ikkje begrepet jetlag før me var heime att og oppdaga at det plutseleg var umogleg å sovna før langt ut på morgonen. I går kveld var det heilt uproblematisk å avrunda dagen med å gå ut og kjøpa pizza sjølv om klokka var halv fire om natta heime.
I dag morges vakna me pigge og klare for ein ny dag klokka fem, men fann ut at me måtte vel drøya til halv seks før me stod opp. Klokka kvart på sju var Halvard klar for ein ekspedisjon ut i verda for å finna ein stad å handla frokost til oss. Eg måtte liksom kjenna etter korleis det er å vakna og ta forspranget på dagen som kjem. Det var ganske fint i grunnen. Me bur i New Jersey i ei leiligheit slik me gjorde for to år sidan, med to soverom og stort bad og stove med kjøkken. Strøket me bur i er veldig latinamerikansk, og butikken der me kjøpte matvarer er cubansk, det blir snakka spansk overalt i nabolaget, og skilta er like ofte på spansk som på amerikansk.
Etter to stasjonar med T-banen stod me på det som heitte «Ground Zero» sist me var her. Det viste seg at sidan sist hadde stasjonen fått tilbake namnet World trade senter, og tvillingtårna var under bygging. Dei kjem til å bli svimlande høge. Eg tar av meg hatten for dei som står på stillas der oppe. I byen var det dirrande varmt, og i tillegg kokte det av folk frå alle slags strøk og miljø. Lettkledde jenter på svimlande høge sko, afrikanskutsjåande hip-hop-arar, pyntelege damer i Diordrakter og pumps, damer i niqab med bare auga mot verda og ortodokse jødar med hattar og mørke ullfrakkar i sikkert bortimot førti varmegrader.
Halvard hadde noko han gjerne ville sjekka opp i up-town så me tok t-banen til fifth avenue som jo er eit fasjonabelt shoppestrøk, heilt annleis frå der me bur. Me trudde i utgangspunktet ikkje det var staden for sånne som oss å gjera innkjøp, men jammen fant me ikkje eit og anna som var langt billigare enn heime. Eg vurderte å kjøpa lilla sko med oransje striper, men besinna meg og kjøpte eit par beige i staden. Eg er nemleg på jakt etter sko som er lette å gå til utan å få for mykje gnagsår i utgåingsfasen og den typen tøysko trur eg det skal gå greitt med.
Sunniva ville gjerne sjå Greenwich Village, som ho hadde fått anbefalt av ein kamerat, medan Halvard tok til å bli mett av bylivet, så han tok banen heim att. Greenwich Village var verkeleg ein veldig koseleg bydel. Sunniva blei totalt betatt av ein veldig trong og rotete secondhand platebutikk og kom ut derifrå etter ein drøy halvtime med bærepose i handa og stjerner i auga. Av alle ting fann me ein svensk butikk der to søte jenter selde svensk godis og norsk melkesjokolade i tillegg til andre skandinaviske varer. Så fann me oss ein veldig koseleg liten restaurant der me åt salat til lunsj. I kafeen kunne ein lesa blad og bøker medan ein åt, og låna seg eit brettspel til kaffien. Etterpå var han som er kjærasten min og faren til Sunniva og mett av bylivet, men jentene hadde framleis mange krefter att. Me bestemte oss for å gå ned til Hudson River der det var nydeleg utsikt til både Manhattan skyline og New Jersey. Langs elva var det ein slags park der folk kunne spela tennis eller vollyball, sola seg i graset, la hundane springa fritt på avsperra friområde, eller jogga og sykla. Me gjekk langs elva til World Trade senter, og Sunniva fotograferte flittig. Det er synd at eg ikkje får til å leggja ut bilete her, for eg har tru på at mange av dei vart veldig fine.
Og visst fann me vegen heim att, sjølv om eg var litt skeptisk. Sunniva har heldigvis ikkje arva mine «totalt- utan-geografisk- orienteringsevne- gener». Ho loste oss trygt fram og forklarte meg kva me såg og kor ting var. Då me kom ut av T-banestasjonen, stod me plutseleg midt i ein marknad, som eg trur må vera det dei kallar «Farmers market» i brosjyren om New Jersey. Der kunne ein kjøpa all slags grønsakar og litt av kvart anna av heimelaga ting. Me rakk og innom ein spennande vintagebutikk der du kunne få kjøpt deg badedrakt frå femtitalet, gamle ballkjolar i silke, handvesker i metall eller gamle utgåver av Rayban- solbriller, alt til ein viss pris, sjølvsagt.
Nå er klokka ni om kvelden lokal tid, og mørket pakkar seg allereie rundt gatene her. Det store som hende oss nå i kveld er at ein person frå utleigefirmaet kom og fiksa både TV-en og internett som ikkje har fungert før nå. Det hjelper sjølvsagt på planen min om å skriva reiseblogg, så nå er eg i gang… «Ungane» har vore på supermarknaden og handla meir mat, så nå står det ein halvfabrikata pizza i omnen og luktar kjempegodt. Heime er klokka tre om natta les eg øverst på tastaturet på den berbare, så dei fleste av dykk som kan tenkjast å lesa dette er vel i djup svevn allereie. Sov godt. Her skal me drøya kvelden i alle fall ein time eller to.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Kjærasten min, Mat, Reiser, Skriving, sommar
Roligt att läsa! De svenska godisflickorna läste jag nyss om nånstans.
takk for resien til Amerika her eg sit på jobb. Skulle gjerne vore i den vintagebutikken…
Du hadde elska det, Emma, og du hadde hatt stor glede av å vera saman med meg og Sunni i dag. Les neste blogginnlegg og kos deg 🙂