Walking in New York
Det er nesten synd at stegreknaren er eit tilbakelagt kapittel, for i dag hadde det garantert blitt utteljing om eg hadde gått omkring med ein slik ein. Eg elskar å driva gatelangs og sjå og lytta. Nå er føtene trøytte og ømme, og det er deilig å slenga seg ned på ein av barkrakkane i leilegheita vår og kosa seg med kaffi og rugsprø med ost og tomat, medan resten av familien held fram trenden med halvferdig pizza frå supermarknaden på hjørnet. Både i går og i dag tenkte me at me kunne jo gå ut ein tur og eta litt utpå kvelden, men så viser det seg å vera ein meir fristande tanke å bare «ta det med ro heime.»
Ei av mine relativt godt skjulte sider, er at eg blir overlukkeleg over å finna eit strykejern der eg skal feriera. Eit slikt eit fann eg i gårkveld, og til og med eit strykebrett, så eg starta dagen med å stryka krøllete kjolar og blusar som eg faktisk strauk rett før eg pakka dei ned. Det er alltid interessant å sjå kva dei sender på TV i eit nytt land, og etter å ha klikka meg gjennom ein mengde kanalar med ulike variantar av TV-shopping, vart interessa mi vekka då eg såg ein alvorleg og oppriktig mann i dress som sat og snakka framfor ein reproduksjon av Rembrandt sitt bilete av den bortkomne sonen.(http://www.rembrandtpainting.net/prodigal_son/return_of_the_prodigal_son.jpg) Programmet heitte «Coming home», såg eg av logoen øverst på skjermen. Konseptet viste seg å vera eit slags talkshow der personar som hadde konvertert til den katolske kyrkja snakka om trua si og prosessen kring konverteringa. Intervjuobjektet denne gongen var ein episkopal prest, som hadde blitt catholic priest, og neste gong skulle det vera ein baptistpastor som hadde konvertert som skulle fortelja om sin prosess på «vegen heim». Eg kom til å tenkja på at Arnfinn Haram som nettopp døydde måtte ha vore eit perfekt intervjuobjekt i denne serien på ein katolsk tv-kanal. Eg vart fenga av programmet fordi det var ein lågmælt samtale om å orientera seg fram i livet sitt, og var herleg fritt for «glamour».
Då familien var samla og vakne, slo me nummeret til Ingrid, som fyller 23 år i dag. Me samla oss rundt telefonen, og då ho tok han sette me i med å synga «Happy birthday» etter beste evne, me song så høgt og tydeleg me bare kunne. Ho skulle trass alt høyra oss heilt til Bryne. Den glade mottakaren av det musikalske opptrinnet påstod at Oddvar sat ved sida av og haldt seg for øyrene, men det er sikkert bare noko ho seier, slikt trur me ikkje på om svigersonen vår.
I dag tok me og T-banen over til Manhattan. På infoskjermen på T-banen kom det opp ein nyheit om at ein nordmann hadde kome med bombetruslar. Det var ein litt absurd tanke at ein eller annan terrorinnstilt nordmann skulle vera den største faren i byen akkurat nå. Eg har ikkje heilt funne ut kva desse truslane går ut på og kven mannen måtte vera.
Sunniva skulle kjøpa litt fotoutstyr som ho treng til året sitt på kunstfotolinja på folkehøgskulen. Me reiste til ein gigantisk fotobutikk BH/foto, video. Det er den mest tyverisikre staden eg har vore på. Systemet var at ein først måtte gå til ein ansatt, og dei vrimla det av, ein overraskande stor del av dei var forresten ortodokse jødar med skjegg og lange korketrekkjarkrøller, dei henta eit skjema der ein fylde ut kva vare ein ville kjøpa, så stod ein i kø og bytta ut skjemaet med ein kjøpsbillett. Så gjekk ein til neste avdeling og gjorde det same der, dersom ein ville kjøpa noko der, og den same prosedyren gjentok seg. Sunniva kjøpte eit brukt analogt Canonkamera, ein fotobag og fire rullar svart/kvitt- film. Ho måtte dermed innom tre avdelingar og vandra vidare med tre kjøpsbillettar i handa. Neste steg var å finna avdelinga for betaling av varene, og så var det nye køar for utlevering av varer. Glad og fornøgd stod ho omsider med alt ho hadde betalt på fortauet utanfor butikken, og så gjaldt det for meg å finna løypa for exit utan å ta den gjennom kassakøane. Eg lukkast til slutt. I tillegg til alle ekspeditørane med og utan kalottar og skjelvekrøller, så var det bevæpna vakter i utgangspartiet. Eg går ut frå at mange amerikanarar føler seg trygge med alle desse bevæpna personane som skal beskytta dei, men for oss som ikkje er vane med det, kjennest det litt uhyggeleg med bevæpna politi i gatene og bevæpna soldatar i inngangsdørene til T-banestasjonen på World Trade Center. Tenk om det klikka for ein av dei og dei begynte å skyta villt omkring seg…
Etterpå var me svoltne og det låg ein kinarestaurant like ved der dei hadde både restaurant og «take home». Lokalet var litt kantineaktig, og ikkje alt for innbydande, men på døra hang ein plakat som fortalde at helserådet hadde vore på besøk og gitt dei karakteren A på hygiene. Det sat mange der og åt som såg kinesiske ut, og det skal visst nok vera eit godt teikn på ein kinarestaurant. Folk kom stadig vekk inn og bestilte «take-away», og kjøkkenet var ope inn til restauranten. Det som verkeleg var fascinerande var lydnivået på dei som dreiv staden, og ikkje minst effektiviteten deira. Dei sprang omkring i høgt tempo og ropte høglytte bestillingar og beskjedar til einannan medan dei arbeidde. Arbeids- og taletempo var på høgde med den farten farmor og tante Sofie brukte i barndomen min når dei jobba saman på eit kjøkken. For dei som ikkje er innvidde, så gjekk det verkeleg fort… Ei av damene kom småspringande med maten vår, som forøvrig smakte riktig godt. Då mannen i mitt liv hadde teke sånn ca tre munnfullar av sin, så kom ho springande i det same tempoet og snappa maten hans tilbake med replikken «Sorry, you`ve got the wrong food». Så sprang ho ut på kjøkkenet med den feilleverte maten og etter femten sekund så kom ho springande ut med ein ny porsjon som såg til forveksling ut som den første og fleire «sorry», «sorry» i det ho sprang vidare.
Sko viser seg å vera mykje billigare her enn heime, så eg og ungdomane la ut på skojakt. Det vart to par Nike joggesko til meg og Converse til Halvard og Sunni. Så gjekk me til Macy´s, eit gedigent gammalt varehus, der eg hugsa frå sist at dei hadde ein heil etasje med dameklær i store størrelsar. Sunniva forbarma seg og lova å vera med som konsulent. Det var masse å velgja mellom, og lett å gå seg vill mellom reolane, noko var «kåneklær» og noko veldig «syntetisk» og «amerikansk». Dessutan er ikkje amerikansk stormote heilt som norsk. Formfullendte amerikanerinner, enten dei er afroamerikanske, latinamerikanske eller bare amerikanske, har ingen skruplar med å visa fram struttande rumper og store magar, så mange av kleda er annleis i fasongen enn det eg er van med. Eg fekk plukka med meg litt forskjellig, då ei lita mørk ekspeditrise stod framfor meg og smilte. Ho tok frå meg dei klesplagga eg bar på og sa «I take care of the clothes and of you. You just tell me your name, and I will reserve a fitting room for you, just have a nice time going shopping, and tell me when you are ready for trying the clothes on…» Litt forvirra over dette ukjente mønsteret for kleshandel fortsatte eg å plukka klesplagg. Då eg var ferdig stod Helayne, der og venta med ei prøveromsdør med namnet mitt på. Sunniva venta utfor døra, og eg var godt fornøgd med at den ivrige selgjaren ikkje stilde seg opp utanfor.
Då eg hadde vald meg ut to bukser, ein tunika og ein kjole eg ville kjøpa, kom Helayne springande igjen: «Haydi, I am so sorry, I was just going to find you and assist you.» Ved kassen stod det av alle ting store behaldarar med sjokolade, slik at dei som handla stormoteklede kunne kjøpa seg ein sjokolade med det same dei betalte. I tillegg var systemet slik at ein kunne få kjøpt sjokolade nummer to til halv pris. Her visste dei tydelegvis kva som kunne frista store damer på shoppingtur. Helayne konverserte meg medan ho ekspederte meg og pakka kleda saman, og ho avslutta med fylgjande replikk. » Haydi, you just HAVE to come back before you leave on Sunday, and I will help you to find SO many nice clothes.» Eg smilte, takka og gjekk.
Eg hadde avtale om å møta ungdomane mine i solbrilleavdelinga ved utgangen etterpå. Eg har nemleg ikkje fungerande mobil her i landet sidan eg har ein billigmobil, medan dei andre kan kommunisera med I-phonane sine. Det viste seg å vera mange utgangar og fleire solbrilleavdelingar, så panikken var nære ved å ta meg, men til slutt fann eg dei. Det var så utruleg mange folk der inne, og uvane som me er med å bevega oss mellom tusenvis av menneske på eit lite areal så hadde eg følelsen av å bumpa borti folk overalt og stenga vegen for folk som ville fram. Ei dame med trillebag var så provosert at ho tok tak i armen min og hveste: «Get out of my f…ing way!» Eg vart så forvirra og overrumpla at eg ikkje ein gong kom på å seia sorry. Eg stirra bare tomt på dama som strente vidare medan ho snakka i telefonen.
Etter folketrengsla i handlestroka, var det nydeleg å hoppa av t-banen i Greenwich village der livet flyt mykje langsommare. Det har etter to dagar blitt favorittstroket vårt i New York. Halvard måtte visast vegen til second-hand- platebutikken og fann seg vinylplater med «Abbey road» og «The dark side of the moon.» Me møtte Leif på ein koseleg kafé der me hadde henhaldsvis iste, Cappuccino, oreocupcake, fatfree yoghurt med bær og frukt og ein alkoholfri mojitosliknande grøn myntedrikk på flaske. Eg anbefalar kafeane i dette området, dei to me har vore inne på har vore kjempekoselege. Sunniva hadde høyrt rykte om at det skulle vera mange vintagebutikkar i Greenwich village, så me la ut i håp om å finna dei. Det lukkast me ikkje i, men me var inne på ein fantastisk bokhandel med kunstbøker og biografiar før me igjen gjekk til fots til World Trade Center. Denne gongen gjekk me gjennom bygatene i staden for strandpromenaden langs elva. Sunniva er ein fantastisk person å byvandra med.
På gatene i storbyen er det ein del menneske som heilt tydeleg slit med liva sine. Ein del gjer rare ting som å ropa og skrika etter folk eller snakka og synga høglytt for seg sjølv. Andre sit og tiggar. I går vurderte eg og Halvard å kjøpa hundemat til ein som tigga saman med hunden sin, og i dag vurderte eg å kjøpa matpakke til ei som sat med ein plakat om at ho var «very hungry». Det siste har eg gjort av og til. I dag vart det med å legga ein dollar ned i pappkruset til ein som sat på fortauet og såg ut som om han haldt på å døy. Det er utfordrande med tigging. Det blir på ein måte feil både å gje og ikkje gje. Elles så er folk flest her veldig vennlege og hjelpsomme og blomsterhandlaren ropar muntert «Bless you!» etter deg når du nys på gata.
Det er snart på tide å ta kvelden. Nå har eg skrive i halvannan time, og teksten er blitt alt for lang, men eg orkar ikkje gå i gang med å forkorta. Til deg som har lese og kome gjennom alt saman så lovar eg dyrt og heilag å fatta meg kortare i morgon. Det er bare det at det ikkje er så enkelt å økonomisera når ein har reist langt og lenger enn langt og er ute i verda og samlar på liv.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Bøker, Filosofi, Kjærasten min, Mat, Reiser, Skriving, sommar