Springfield
Me er i Springfield like ved Washington DC, atomkraftverket til mr Burns i Simpsons har me ikkje sett noko til, men hotellet er nærmast bygd inne i ein gedigen traffikkmaskin av ein motorveg med mellom tretti og førti filer i fleire plan. Det er nesten så det er skummelt å gå ut her frå, men dei har fått til å plassera eit lite svømmebasseng utanfor hotellet. Hotellet lever av folk som vil sjå Washington og ikkje vil bu i byen. EIn gong i halvtimen kjører dei ein gratis minibuss ned til t-banen som går til Washington. Den skal me kjøra med i morgon.
Dagen starta med å kjøra langs hyggelege småvegar ute langs kysten. Me hadde tenkt å eta lunsj ute ved havet, men fann ikkje stranda. I staden fann me ein Wawa butikk der ein kunne bestilla mat til oppvarming, for eksempel havregrøt og eta i bilen. Me sette oss i staden ned i graset utanfor og åt i sola, det var sikkert ikkje meininga me skulle sitja der, for folk såg litt rart på oss, men det var ganske koseleg. Så kjørte me gjennom bittesmå byar der husa liksom ligg rett på bakken slik som me ser i amerikanske filmar med eit stort flagg på veggen eller gelenderet og ein gyngestol av tre på terrassen utanfor huset. Ein plass stansa me for å finna eit toalett, og akkurat som eg hugsar det frå då me kjørde sørover langs austkysten for fem år sidan, så går det ein brei bilveg gjennom hovudgata, og ein treng nesten å bruka bilen for å koma seg trygt over frå det eine fortauet til det andre.
Halvvegs på turen leia GPS-en oss inn på nokre enormt trafikkerte motorvegar med opptil tolv felt, og då var det ikkje så kjekt å kjøra lenger, spesielt ikkje sidan me fekk beskjed om å veksla mellom filene for å koma i rett posisjon. Eg synest det er enormt ubehageleg å liggja midt i mange felt der bilane kjører tett og farten er stor. Kjærasten min blir heldigvis ikkje redd sånn som meg, eg ville ha vore livsfarleg bak rattet, og på meg virkar det livsfarleg nok frå før. Frå turen langs austkysten hugsar eg breie vegar med lite trafikk. Me er blitt einige om å leggja litt om på ruta me eigentleg aldri har lagt opp… Me vil prøva å leita oss fram til småvegar og koselege småbyar, i alle fall kjennest det slik akkurat nå, men i morgon er det altså Washington.
Då me endeleg, nokså fortumla fekk installert oss på hotellet lurte me på om det i det heile tatt gjekk an å ta seg fram i denne byen til fots. Det viste seg å vera eit fortau over ei motorvegbru som førde oss ned i eit område med eit par restaurantar og kafear. I kveld har me ete vietnamesisk. For ein gongs skuld avslutta me med ein «dessert» me fekk anbefalt, og som eg har sett reklame for i andre restaurantar, «Bubble-tea». Eg trudde det skulle vera ein slags iste med kolsyre i, men det viste seg å vera milkshakeliknande servert i høge glas med breie gjennomsiktige sugerøyr. I drikken var det ein slags små runde frukter som kunne minna om rosiner, som med jamne mellomrom kom opp i sugerøyret og nok utgjorde «boblene». Det var interessant å prøva, og smakte ganske godt, men hekta på bubble-tea blei eg heldigvis ikkje.
Nå har me henta oss gratis kaffi i resepsjonen og skal ta ein tidleg kveld med kaffi og tv. I bilradioen i dag har Obamas uttalingar om skattepolitikk i dag vakt debatt og harme. Her i landet finn mange det heilt uhøyrt at dei 15 % som tener mest skal få mindre skattelette enn andre. Fleire indignerte politikarar har i dag fortald i massemedia kor håplaust dette er. Dette er eit merkeleg, vennleg og ganske interessant land.
Heidi
Hei min ven! Så kjekt å vera med dåkke på reise over there. Sjølv om eg fortsatt er på jobb er det dagen høgdepunkt å lese frå turen dåkka. Spesielt fint at du fekk i mannen din mat då han blei dårleg på bussturen. Kos dåkke fortsatt!
Du skulle vore her. Eg hadde elska å ha. deg med. Tenkte faktisk på det ein dag at du og eg skulle vore på skikkeleg roadtrip ein gong. Giss kven av oss som skal kjøra… 😉 Eg ser at ein del personar er innom bloggen kvar dag, det er kjempekoseleg å få helsingar frå dei som les. Hels alle og spesielt til Fagertunveien. Håpar det går toleg bra. Stor klem 🙂