Gå til innhald

August

september 7, 2012

1.august 2012

I dag drog damene på handel. Det var forskjellig som skulle handlast inn og sola skein. Vemodsvakkert at sommaren alt er blitt august, denne sommaren har innehalde så mykje. Det er mest som eit liv sidan det var juni, likevel er det litt vanskeleg å forstå at det er slik det er. I Sandvika er det ein velutstyrt Fretexbutikk. Der har kjærasten min funne både frakk og jakke, og har eg ikkje sjølv funne eit utmerka par ubrukte steppesko der ein gong. Eg finn to små smale svarte kjolar, typisk “den lille sorte”. Dei ser ut til å vera sånn rundt rekna størrelse 36 eller 38. Eg tenkjer at dei kanskje kan vera fine til Sunniva, og elles heilt utmerka til kostymelagaret. Eg får eit innfall og seier til jenta i kassen, “Eg orkar ikkje prøva desse kjolane, men eg går ut frå at dei passar.” Eller for å vera heilt ærleg, det var det eg hadde lyst til å seia, for å sjå ansiktsuttrrykket hennar, men sidan eg er relativt veloppdragen innleiar eg med “Nå fekk eg veldig lyst til å seia…” Ekspeditrisa smiler usikkert, men så blir smilet  litt breiare, og sa at det var deilig at folk hadde humor og at ein vart så glad av dette fine veret ho hadde stått opp til i dag. Medan me var rundt og rota i butikken tikka det inn kondolansemeldingar frå både her og der, og det gjer godt at så mange sender varme tankar.

På Sandvika storsenter står det ein kar som ropar til oss på gebrokkent norsk. “Kom, kan jeg få se din hand.” Han tek hendene våre på ein veldig galant måte og begynner å polera neglene. Han fortel oss at han sel dødehavsprodukt og at sidan me er så vakre damer har hen eit veldig spesielt tilbod til oss. “Are you marrieg girls?” Då me bekreftar at det er me begge to, seier han oppgitt, men framleis like smigrande. “Ohhh, this is not my lucky day:” Han gnir hendene våre inn med dødehavssalt og skyler dei i ei lita skål for å visa alt den døde huda me kan få skrelt av med produkta hans, før han neste  kokett gnir hendene våre inn med ein handkrem innehaldande dødehavssalt. “How old  are you, girls.” Eva Mari svarar at ho er femti og eg svarar at eg er førti. Akkurat som eg hadde rekna med, så svarar han med eit stort smil “Ooooh, I thought you werw MUCH younger”. Eg blir straks avslørt som ein notorisk løgnar, men vår selgjande venn smiler like breitt. “You are teasing me, but I have a really good offer for you. Let me see your feet…” Me synest vel at nå er me nokså klare til å gå vidare, men at det er all grunn til å berømma den unge mannen for både sjarm og eit litt unorsk atferdsmønster. Me ser ikkje for oss sønene våre som er på same aldar som selgjaren er i stand til å stå på eit kjøpesenter og gjera same jobben på same måten.

Me set oss i sola og drikk kaffi, og ser på ein måke som forsyner seg av kaka på nabobordet gjennom eit skikkeleg styrtdykk. Så går me i ein gjenbruktsbutikk og eg hugsar at sist me var her var me i lag med svigermor, og at ho elska jenteturar med lange pausar og prat på kafé. I butikkane har dei alt begynt med haustsal. Eg kjøpar ein tunika på indiska med mange krydderfargar i og litt forskjellig anna til ein sommargarderobe fordi sommaren skal halda fram lenge endå. Me kjøper ramme til eit bilete me skal ha i bisettelsen og svarte strømpebukser.

Vel heime et me scampi med rømme, chili, mangosaus og wasabi. Det smakte veldig, veldig godt. Frå Kanel-bakaren i Sandvika hadde me kjøpt med oss brød med eple og kanel.  Nå blir det sydd kjole i svart, og gamle albumar blir studerte.

Heidi

From → Gode venner., Mat, sommar, sorg

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget