Gå til innhald

August er det mykeste myke jeg kjenner

september 7, 2012

Fin femtiåring

August 19th, 2012, 2 Comments

denne skjelvede streng mellom sommer og høst- denne duft av avskjed i mine hender… som Einar Skjæråsen skriv det så vakkert i augustdiktet sitt.

Dette har vore veka for å setja alt i gang, for å få snurr på tannhjula og for å temma det frie sommarlivet.

Ikkje langt frå Bryne sentrum der ligge skulen vår, han æ gammale og nye, han æ fine.

Der ska me gå på skule i sju lange gode år mens regnet pøse ner og solå skine…

På onsdag stod skulebarna i skulegarden framfor flaggstonga med nye skuleklede og ranslane på ryggen og song skulesongen vår av full hals medan det norske flagget vart heist til topps i flaggstonga. Me vaksne stod ,med ryggen mot flaggstonga, side ved side og song den same songen mot elevane. Så var skuleåret for alvor i gang igjen og det kjendest heilt i orden. Ungane var så fine, og sommaren skal framleis vara, i alle fall så lenge det heiter august, og kanskje endå eit par veker til. Det har vore varme fine dagar og naturen er på sitt aller vakraste akkurat nå.

På fredag hadde me den tradisjonelle skulestartfesten vår i garasjen og hagen til rektor, og i går leia eg Torhild sin gebursdagskonsert med mange songarar og musikarar på scenen og 200 gjester i salen, som var den nye kyrkjesalen på Bogafjell. I dag har eg hatt sundagsskule om Martha og Maria og etterpå sende eg sms-ar til mine barn og lurte på kor mange av dei som haddde lyst til å eta kjøttkaker og ertertuing rundt spisebordet i barndomsheimen. Det vart minus Ingrid og Oddvar, men pluss Vilde, så det vart nå liv rundt bordet. Dei nye gardina er lagde opp og hengde på plass. Jammen klarte me det ikkje til slutt. Me har levd utan gardin i eitt år, for me visste ikkje kva me ville ha, men nå heng det fine beige bomullsgardiner med grå striper i stova. Det vart fint. Ei ny travel veke kjem. Nå skal eg leggja meg tidleg og sjå om hovudverken eg har pådrege meg i løpet av dagen forsvinn under søvn.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget