August vart til september

Elgsjø – mellom Kongsberg og Notodden, på veg heim etter å ha kjørt Gullet til folkehøgskulen
September 2nd, 2012, No Comments
mest før eg fekk tenkt meg om. Eg har mykje å skriva, men lite med tid, og eigentleg er jo eg og bloggen min på flyttefot. Eg håpar å få ordna med flyttinga i løpet av veka, og de skal få vita kor de kan få fylgja meg hen. Eg har vore på hyttetur med gamle venninner og hatt det fint. Skulen har svive seg godt i gang, kulturskulen har svive seg godt i gang, og eg klorer meg fast og heng med så godt eg bare greier. Midt i det heile så har eg viss gått hen og fått ein kulturpris, og me har kjørt Sunniva til folkehøgskulen der eg håpar at ho vil få det gode inspirasjonsåret som ho har drøymt om. Eg kjem tilbake, eg lover heilt sikkert.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine