Gå til innhald

Siste dagen i juli

september 7, 2012

Og morgon i heimen. Eva Mari strikkar  med trådar i naturkvitt, gråblått, grått og beige. Det blir fint. Me lagar minnetalar og drikk svart kaffi, me ser på bilete, ler og grin.  Me har vore saman og snakka, trøysta og planlagd. Barnebarna kjem frå kvar sin kant med tog og fly og i huset her, med veldig mykje hjarterom, søv me i stova. I dag skal me treffa presten, og laga middag saman med svigerfar. Han skal dessutan  få kurs i bruk av oppvaskmaskin og vaskemaskin… På fredag klokka ti skal det vera bisettelse. Her i aust er kremasjon det vanlege. Det er litt uvant for oss, for heime blir alle begravde.

Annonse i avisa i dag. Namnet hennar og namna våre svart på kvitt. Det går opp for oss. Dette diktet har eg lyst til å lesa på minnesamlinga. Det passar godt til henne.

Heidi

Å vera i livet
(Tre vers til mor)
Dette å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik
*
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølva er.
*
Fattig var du som aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.

Halldis Moren Vesaas

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget