Eit fylgjebrev
Fotnoter i sanden
Eit lite fylgjebrev til deg som kjøper diktsamlinga mi.
I tillegg til at det i denne boka finst tekstar eg har skrive det siste året, og som eg knapt nok har lese høgt for nokon, vil du finna ting eg har skrive for bortimot 24 år sidan. På åttitalet gav eg ut to bøker på ”Luther forlag” og ”Nye Luther forlag”. I alle åra som seinare har gått har eg skrive dikt, utan at det har blitt fleire utgjevingar.
Påsken 2005 hadde eg ei utstilling på Fotland mølle saman med Inger Bakke Berge. I samband med utstillinga, gav me ut eit lite hefte med mine tekstar og hennar bilete. Heftet kalla me ”Gjennom mørke til lys”. I fjor laga eg og mannen min, Leif, ei lita dikt- og fotobok før jul; ”Det er bare livet ditt” som me trykte opp i eit relativt begrensa opplag.
I boka ”Fotnoter i sanden” har eg teke med dikt frå begge desse to små bøkene. Dette er både fordi eg sjølv synest dei høyrer heime i ei stor samling med dikt, som eg sjølv liker ganske godt, men mest av alt fordi mange har spurt meg om desse bøkene framleis er å få kjøpt, og eg har måtta svara nei. Mitt ønskje er at dei som kjøper denne boka skal få med seg det beste av det eg har skrive gjennom alle desse åra, etter at dei to første samlingane kom ut. I denne perioden har eg hatt liggjande store bunker med tekster eg har visst at eg gjerne vil bruka ”ein eller annan gong.” Nå har eg fått dei mellom to permar, og kan starta med blanke ark att…
Eg har vald ut dikt om det å vera mor, heilt frå eg sto der med ein nyfødd baby i armane til sistemann runda atten nå i oktober. Det å vera mor har vore og er ein veldig viktig del av livet mitt. Vidare ville eg gjerne ha med dikt som rett og slett handla om det å vera eit levande menneske. Det inneber for meg å stansa opp ved dei små heilage allminnelege minutta i eit vanleg liv, løfta dei opp mot himmelen, granska dei, le av dei, og eventuelt gråta ein skvett innimellom.
Den som tek seg tid til å lesa vil sjå ein del trådar gjennom det heile. Trådar av naturkjensle, tru, humor, musikk og ein ærleg porsjon forvitenskap er vel kanskje dei innslaga eg klarast ser med eigne auge.
Eg vurderte å skriva eit forord, men kom aldri så langt. Det fekk bli eit fylgjebrev i staden. Til deg som har teke deg tid til å lesa dette og nå er klar for sjølve boka; God tur vidare. Eg håpar du finn noko som gjer det bryet verd å lesa.
Vennleg helsing
Heidi
