Gå til innhald

Regntid

november 25, 2012

Eg har tenkt lenge på at eg må skriva eit dikt som heiter regntid. Det siste halvanna året har vore som ei samanhangande regntid. Me blir jo vane med det på ein måte, spesielt ungane, som snart ikkje hugsar at det ein gong i tida var normalt med opptil fleire dagar på rad utan regn. Eg las at i ein del land med regntid er denne tida sett på som eksotisk, livgjevande, frodig og livsbejaande. I alle Bollywoodfilmar er det visstnok med ein scene med song og dans ute i regnet fordi regn blir sett på som deilig og romantisk.

I sommar i ein liten by i USA sat eg på eit vaskeri og venta på kleda mine som var i vaskemaskinen. Eg kom i snakk med den veldig hyggelege vaskeridama. Ho vart veldig fascinert over at eg kom heilt frå Norge for å kjøra rundt i USA og spurde korleis veret hadde vore i Norge i sommar. «Not too good, actually,» svara eg. «I know,» sa ho»It`s been terrible here too. Not a single day of rain, and hot, hot hot…» Det slo meg kor forskjellige indre oppfatningar me må ha av dette med godt og tenleg ver, som det heitte så fint i den gamle kyrkjebøna…»

Som observante lesarar må ha registrert, så har det regna den siste veka, men det har skjedd mykje anna og. Impulsane kjem og kjem, og eg skulle gjerne hatt meir tid til å ta i mot dei og gjera noko med dei. Av det meir eksotiske eg fekk med meg i veka som gjekk, var eit lynkurs i joik saman med elevane gjennom den kulturelle skulesekken. Det er mange dører det er spennande å opna. Eg og Halvard har brukt to kveldar på å sjå ein George Harrison-dokumentar. Det var veldig spennande å koma nærare inn på det medlemmet i Beatles eg kanskje har visst minst om. Det som fascinerte meg mest var kanskje den intense søkinga hans på det åndelege planet. Eg trur det åndelege aspektet ved livet er undervurdert. For mange av oss er det ein veldig viktig del av det å leva. I går i Magasinet vart det omtala mest som ein sensasjon at nordmenn faktisk såg ut til å bli meir religiøse enn før. Fleire enn før sa at dei trudde på ein Gud og eit liv etter døden, og fleire under tretti trudde på dette enn dei mellom tretti og femti. Nå må eg skunda meg å fortelja at dei tala eg kjem med nå er bare det eg hugsar etter å ha skumlese avisa seint i natt ein gong, så ikkje ta  det som anna enn ein heller laus observasjon frå mi side…

Ein annan merkeleg ting eg har brukt tid på, er at eg kom til å kjøpa ei ganske tjukk og dyr bok med alle kjende breva etter John Lennon. Eg er ein hund etter biografiar, og eg samlar på menneskelege opplevingar som andre samlar på frimerke eller sportsbilar…  Ein månad av eit liv som bare kunne brukast til å lesa merkelege bøker og sjå rare dokumentarfilmar, høyrest ut som ein god idé.

Så lurte eg på om eg torde fortelja fylgjande avslørande fakta om meg sjølv, men la gå… Etter å ha rota rundt i liva til gamle beatlesar, så får eg letta litt på sløret eg og… På fredag var eg hos frisøren for første gong på sikkert femten år. Det er siste leddet av sist setning eg reknar med kan vera litt sjokkerande. Det var aldeles nydeleg å bli stelt med. Eg haldt på å sovna i frisørstolen av reint velvere, så eg trur det får bli ein ny og god vane. Ho klipte sikkert av meg 15 cm med hår, det rare er at ikkje ei sjel ser ut til å ha oppdaga det ei gong. Det får då vera trøysta at andre ikkje ser med ein med så kritiske auge som ein av og til kan tenkja at dei sikkert gjer, og det same kan det i grunnen vera.

Gårsdagen var selskapeleg frå ende til annan. Først lokka Odd Christian med seg meg og faren sin på solidarisk julemesse. Så var eg i dameselskap hos Kari, som hadde dekka langbord til førti damer i kjellarromet sitt. Det var triveleg. Eg var den einaste av dei førti som hadde gløymt å ta med finsko heimefrå då eg gjekk. Eg prøvde å smila så sjarmerande at ingen skulle koma på ideen å sjå ned på føtene mine… Så kjørde me ein times tid ut til Bru gjennom tunnelen under havet og feira Arne som fylde femti i eit fantastisk lokale med utsikt over havet og inn til byen. Maten var nydeleg, folka hyggelege og innslaga flotte. Utpå natta song me Tore Tang og Sjösalavalsen akkompagnert på flygel, fiolin og gitar med eit improvisert lite mannskor foran vinduet med stjernehimmel og utsikt over Stavanger by night. I dag var det tidleg opp for å førebu sundagsskule for ein gjeng relativt små ungar med to sett dokketeaterdokker. Det var fint det og. Og etterpå var eg trøyttare enn eg hadde tenkt å vera, så eg har ikkje fått gjort alt eg hadde håpa. Men eg har ete god heimelaga kjøttkakemiddag med sønene mine og far deira, og etterpå drakk me kaffi og Odd Christian ville visa meg rare små filmsnuttar som fekk meg til å le. Det er koseleg med vaksne søner. Nå har Oscar reist heim etter å ha vore her på helgebesøk, og kjærasten min ligg under dyna og hostar og nys og er sjuk mann.

Eg sit her og fiklar med ein song og med eit manus medan det nyklipte håret mitt tørkar på halvparten av den vanlege tida. Diktbøker er pakka, sende og avhenta. Frå eg fekk den første kassen har det ikkje gått ein einaste dag utan at nokon spør om å få kjøpa. Det er kjempetriveleg. I dag kan eg skryta av at den første boka blir lagt i ein konvolutt som skal til Sverige.

Me går inn i ei ny veke stappfull av program. Her gjeld det bare å pusta roleg inn og ut og ta bare ei glede eller ei utfordring om gongen.

Heidi

3 kommentarar
  1. Scylla's avatar

    Jag är övertygad om att du lyckades fullt ut med de charmerande leendena 🙂

  2. emma's avatar
    emma permalink

    Og kva med eit bilete av den nye sveisen?

  3. heidiskriv's avatar

    Det får me håpa at eg gjorde Scylla. Me får sjå kva me kan få til, Emma. Det komiske er at mest ingen har lagt merke til/ kommentert at håret mitt er blitt sikkert femten cm kortare…

Kommenter innlegget