Alladin og sånn
I dag hadde skulen min kjøpt opp ei barneteaterforestilling på teateret inne i byen. Eg er veldig glad i barneteater, og det å gå med skulen sin gjer meg eit strålande alibi for å gå dit utan barn. Barneteateret inne i byen er verkeleg noko å vera stolt av, skodespelarane er barn, og forestillingane er veldig profesjonelle med fantastiske kostyme, flott musikk og utruleg fin scenografi. Alladinforestillinga var noko heilt for seg sjølv, kostyma var ein blanding av norsk bunadsfolklore og orientalsk silke i flotte fargar. Dei hadde på ein kreativ og usannsynleg måte blanda Grieg, orientalsk musikk, Bollywoodplakatar og Jahn Teigen, og innbakt i forestillinga var det heile sekvensar frå Peer Gynt. Alladin var Peer Gynt samtidig som han var klippa ut frå «Tusen og en natt.» Når dette i tillegg skulle appellera til barn ned til i fireårsalder, så vil eg påstå at lista låg høgt. At dei lukkast med prosjektet var rett og slett imponerande.
Eg hadde ei litt surrealistisk og ganske ekkel oppleving i forkant. Eg tok toget inn direkte frå jobb, og kjende at eg måtte ha litt mat før forestillinga. Eg gjekk inn på ein seven-eleven-butikk og bestilde to vårrullar. Medan maten vart varma i microen, kom det inn tre personar som tydelegvis var midt i ein slags konflikt. Dei kalte kvarandre stygge ting, og plutseleg gjekk det opp for meg at den eine personen stod med ein kniv truande retta mot ein av dei andre. Det gjekk kaldt gjennom meg, eg gjekk bort til den unge jenta bak disken og spurde om ho såg at han hadde kniv. Ho kviskra tilbake at ho akkurat hadde ringt politiet. Det gjekk fleire parallelle tankar gjennom hjernen min. Skulle eg koma meg ut? Vera der for å prøva å hjelpa ungdomane bak disken om det vart nødvendig? Prøva å få han med kniven til å besinna seg? Før eg fekk tenkt ferdig kom ein mann på Odd Christian sin alder og bad dei gå ut fordi han ikkje aksepterte slik oppførsel i butikken, då tusla dei faktisk ut. Etterpå sa han at han ikkje hadde sett at vedkomande hadde kniv. Då eg forlot butikken, høyrde eg politibilen koma. Slikt kan sjølvsagt skje overalt, men plutseleg frista det ikkje så veldig å ta ein tur aleine i gatene. Alt i alt var det eit diskret lite opptrinn. Eg veit ikkje eingong om alle som var i butikken registrerte det. Men det var ei påminning om at plutseleg kan det utenkjelege skje før ein får tenkt seg om. Sjølv om eg eigentleg ikkje var involvert i det heile tatt, kjende eg meg litt skjelven etterpå.
Heidi

Otäckt! Förstår om du kände dig illa till mods efteråt.
Ja, det var det!