Gå til innhald

Luke ein totusen og tolv

desember 1, 2012

sykkel i snø

I fleire år har eg prøvd å praktisera ein slags adventkalender her på bloggen med ei luke kvar dag. Eg får begynna godt i dag og, så ser me koss det går. Eg sit her litt kveldspynta og skriv, for i kveld skal me på lutefisklag hos ei venninne. Ute ligg snøen, og det går vel på ein måte opp for meg at det faktisk er advent og går mot jul. Dei går så utruleg fort desse vekene. Eg har sett lilla lys i to adventstakar, og til og med plukka fram ei julestjerne og eit par ekstra englar. Eg har innsett at eg er meir og meir i utakt med dei fleste andre når eg sånn omtrent heilt til nå har pynta huset til jul på «litla julaftå», akkurat som me gjorde heime då eg var lita. Eg har halde på det sjølv om eg ser at mange andre pyntar tidleg i desember.  Så merker eg utakten att i andre enden når folk sit på første juledag og seier at nå er dei leie av jul og gleder seg til å få ut treet. Nå er det akkurat blitt jul heime hos meg, nemleg, og då har eg tenkt å halda på dei ei stund.

Så nå gir eg etter og tilpassar meg langsomt til nye tider.  Det treng ikkje alltid vera meg som har rett, har eg oppdaga… Eg såg den nye barneTV kalendaren fekk så rosande omtale, så eg har rett og slett vurdert å få med første episode før me må reisa.

Men adventstemning i sinnet blir det vel knapt nok for deg som har opna denne luka og venta seg noko litt meir oppbyggeleg og djuptpløyande… Eigentleg var det sitatet under eg hadde tenkt å koma med:

» I staden for å irritera deg over at rosene har torner, kan du la deg forundra over at det kan veksa noko så vakkert som roser på så stikkete greiner.»

Og ja, eg har skrive dette utan briller, så dersom det skulle vera mykje skrivefeil, er det bare å beklaga. Eg skal korrekturlesa med brillene på min nese når eg får tid.

God advent ynskjer

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ingjerd (Tjetland) Mørreaunet's avatar
    Ingjerd (Tjetland) Mørreaunet permalink

    Det er så gildt å lesa det du skriv Heidi. Du veit sikkert ikkje kven eg er, men eg hugsar deg fra den tida du budde på Ålgård og var nabo med farmor og farfar som budde oppe i Porsvegen. Onkel bur der enno. Eg tar fram adventsalma di kvar advent, og har i dag skrevet 1. verset og delt det med mine venner på Facebook. Er også enig med deg i at det er altfor tidleg å pynte til jul no, det skal vera advent fyrst, så pyntar me til jul på veslejulafta.

Kommenter innlegget