Luke to to tusen og tolv – Såra engel
Alle har me ein såra engel inne i oss. Martin Lönnebo skriv så vakkert om det i veven. Me har alle eit lite barn inne i oss, eller for å fylgja dette biletet, og det fantastiske maleriet til Hugo Simberg, ein såra engel.
Engelen inne i oss vil og ville alt godt, men noko, eller ganske mykje vart ikkje som me hadde tenkt. Engelen ber sår, som stundom veller opp i oss som ei naken, litt sår og ubeskytta kjensle, eller såra kan få oss til å opptre lite enlgelikt fordi nokon var litt for hardhend borti den såra engelen som ingen kan sjå. Martin Lönnebo sitt kloke råd til oss er, ta godt vare på den såra engelen inne i deg, og tren deg på å oppdaga han hos andre.
Eg som alle andre kjenner av og til den såra engele gråta inne i meg. Det kan vera over ting som andre ikkje skjøner gjer vondt, men som gjer det likevel. Eg veit godt kva slags sårbarheit min engel ber på, men det er ikkje så veldig ofte eg prøver å setja ord på det, fordi det ofte er ting som kan misforståst. Ikkje ver redd for den såra engelen inni deg, han er eit lite barn som treng å trøystast, samtidig representerer han noko av det finaste du ber med deg, og det som gjer at du kan bli klok nok til å finna og trøysta andre sine englar. Og engelen inne i oss er den ikkje-øydelangde- og ikkje kyniske delen av oss, barnet som vil alt godt.
Eg veit ikkje om dette gir meining for andre. men for meg gjer det det.
Og til det meir prosaiske. I går var me på eit veldig hyggeleg kveldsbesøk og åt perfekt tillaga lutefisk som smakte heilt nydeleg. Det er godt å vera der folk er, og nå har eg nesten feira jul i miniformat denne helga med julebord med ribbe, pølse, surkål, kålrabi og pinnekjøt samt god underhaldning med fine kolleger på fredag, og så altså lutefinsk med fine folk i går. I føremiddag har eg gjort noko som gjer godt, eg har hatt rolege timar for meg sjølv på kjøkkenet og høyrt på rasio medan eg har bakt adventkringle, kanelbollar, rosinbollar og peparkaker til adventkaffien eg har invitert familien til i dag. Men før det skal eg i føremiddagsselskap til fine Oddny som fyller år. Det inneber at eg rett og slett ikkje har tid til å sitja her lenger, og siste ryddinga på kjøkkenet får eg ta i forkant av gjestene. Eg sluttar med eit bilete frå i føremiddag, og første verset av ein adventsalme eg skreiv ein gong for lenge sidan…
Når mørkret legg seg stort og stilt
kring landet der me bur,
og sveiper seg kring alle oss
som tvilar og som trur,
kring dei som slit med sorg og angst,
kring alle dei som går og frys,
me kviskrar, Herre, ver oss nær
og stille tenner me eit lys.
Heidi

