Gå til innhald

Luke tre to tusen og tolv – Den heliga natten

desember 3, 2012

Kåsen OC

Dagane er mørke, men likevel ganske lyse på grunn av snøen, den klare himmelen og måneskinnet. I dag har eg fått lov til å låna to bilete av Odd Christian til å illustrera dagens tekst. Om morgonane står eg opp og lovar meg sjølv at i kveld skal eg leggja meg tidleg. Eg er veldig trøytt, men det er fint å setja seg ned i morgonmørket med bare stearinlys og ein kopp svart kaffi. Det er fint å få tid til å tenkja tankar før dagen begynner.

I dag har eg fortald små historier til resten av personalet og slutta med ein av mine yndlingsbetraktningar lånt av Martin Lönnebo: Om du ser ut av vinduet og ser ein framand gut oppe i epletreet ditt blant alle epla dine skal du ikkje utelukka heilt at han er der for å binda fast eit eple som held på å detta ned.

I kveld har eg og Jan Ivar hatt eit lite møte med kaffi og rollefordeling til forestillinga me skal ha med dei eldste elevane til våren. Det er alltid eit vanskeleg og alvorleg stykke arbeid å få alle forventningar og håp til å gå opp i størst mogleg grad, men eg trur me har klart det sånn nokonlunde. Nå er det alt seine kvelden, og eg held på å øva inn «Den heliga natten» av Selma Lagerlöf som eg skal fortelja utandørs for alle førsteklassingane i morgon føremiddag. Eg er veldig glad i Salma Lagerlöf, særleg i «Keisaren av Portugalien,» «Jeruasalem» og «Den heliga natten». Den som kunne fortelja slik som henne. Historiane hennar går ikkje ut på dato.

Liten fugl oc

Denne vesle svarttrasthoa minnar meg om ei langt nyare forteljing, sungen av ein av Vamp sine solistar, Odin Staveland til minne om mor hans som døydde av kreft.
«Men når eg ser ein liten fuggel så fyke lavt på gyldne vinger, då plokk´eg an ner med mine hender.»

Dokke som har høyrt songen veit kva eg meinar.

Heidi

2 kommentarar
  1. tintomara2's avatar

    Selma L är något alldeles för sig. Hittade henne som barn och det är jag glad för.

Kommenter innlegget