Luke fire to tusen og tolv- ti minus på torget
Til å vera på desse kantar, er det skikkeleg kaldt ute. Då eg gjekk heim etter kveldsjobben var det ti minusgrader på torget. Det er ganske kaldt når lufta er så kjøleg som ho vanlegvis er her. Dagen har veksla mellom lys og mørke.
Først var det adventsamling i andre klasse med «Tenn lys» og Simon var i stallen med stearinlys inne og mørke ute medan det langsomt lysna til Dean Martins «Let it snow». Så var det dansetime med ein gjeng jenter som skal vera små mus og dansa til musevisa på foreldresamlinga me skal ha i andreklasse neste veke. Ettekvart hadde dagen blitt lys og himmelen blå. Det glitra i sol på den kvite snøen då eg fortalde Selma Lagerlöf sin historie om den heilage natta for førsteklassingane ute i gapahuken før dei fekk servert varm gløgg godt tynna ut med hushaldningssaft.
Nokre gonger er det fantastisk å vera lærar og ein takkar alle gode makter som har gjort det så fint å vera på jobb. Seinare på dagen fekk eg kjempa meir for å halda trådane på plass. Ikkje bare lett å vera sjuåringar med kroppar som kriblar av liv og lyst til å vera ute i snøen når læraren har bestemt seg for å øva på julespel og Deilig er jorden og ingenting er som det pleier. Truleg lengta mange av dei etter ein roleg halvtime med reknebøker og finskrift i staden for alt maset om konsetrasjon og øving og nært foreståande forstillingar.
Så var det varm suppe og varm kaffi på kjøkkenet saman med Jan Ivar før me hadde ei øveøkt med Astrid Lindgren- stykket, og ei øveøkt med ungdomsstykket me har laga sjølv. Til ære for veret som var fint bak mørket ein plass tok eg ein lang omveg heim for å få gått ein tur medan kulda beit i øyre og fingertuppar. Kanskje det er årstida som gjer det, for når eg kjem heim etter tolvtimarsarbeidsdagane mine er det ikkje veldig mykje energi att. Skrivebordet mitt er ei salig blanding av malande katt, heimestrikka lovottar frå ei julemesse. pakkeband sakser, tape, diktbøker, boksar med klistermerke, ein bit julepapir og ein stor perm med skodespel eg har laga gjennom åra. Eit skrivebord som skrik etter å bli rydda, men det blir ikkje i kveld. Eg har ein velsigna kompetanse på å jobba i rot. Eg trur det får bli eit kattedikt til slutt i dag, skrive av meg sjølv ein gong i haust trur eg, og framført med Torhild sine flygeltonar i Storstova i november:
Katten
I det året dei spådde
dommedag,
ligg katten
og slikkar høgre labben sin
med ru og bleikrosa tunge.
Ho passar på å koma godt til
mellom klørne,
tek seg ein tenkjepause
og vurderer
å gå over til
venstrelabben,
ettertenksomt
malande
med halen krølla
rundt seg
på ei bunke dikt.
Heidi

Det diktet er så herleg. Kunne godt tenkt meg å vera ein katt på stressande dagar, og sleppe å vera vitande om alt det fæle som skjer.
Kos deg i dag!