Luke fem to tusen og tolv – arkitekturtimar
I dag fortalde Sunniva at ho kan få til å møta meg og Ingrid i Oslo neste helg. Me har billettar til Jungelboka kl 14.30 neste laurdag, som er den siste dagen med dette stykket på det norsk teateret saman med Eva Mari. Eg kasta meg på macen for å sjå om det var mogleg å få ein billett til på denne forestillinga som er den alle siste i denne omgangen med Jungelboka. Det viste seg å vera tre ledige sete att i salen, så eg fekk grafsa til meg det eine av dei. Nå gjenstår det bare å finna ut om det er rom i herberget til henne og hos Eva Mari frå laurdag til sundag.
Dagen har foke i veg i usedvanleg høgt tempo. Dei første tre timane hadde eg kunst og handverk med andreklassane. Me held på med ei veldig kjekk oppgåve som går ut på at alle lagar seg hus i ei skoøskje. Sjølv elska eg denne aktivitetn som barn, og hadde laga meg store bukomplekser ved hjelp av pappøskjer, tome fyrstikkøskjer, eggekartongar, trødsneller, stoffbitar, maling, papp og fantasi. Eg var litt i tvil om dei var store nok til å få det til, og då kjærasten min kom med ein bil fylt til randa av dei 55 skoøskjene ei snill dame hadde sett av til meg, lurde eg litt på kva eg hadde sett i gang… I tillegg hadde Ellen fått tak i to store posar med tapetrullar, så dei små heimane er vakkert tapetserte. Elevane har elska denne aktiviteten, og resultata er sjarmerande. Me har til ei kvar tid vore to vaksne saman med kvar klasse som er på i underkant av 20 barn, og så pass god vaksendekning er det nok nødvendig å ha. Det har tregtes at ein vaksen til ei kvar tid styrer limpistolen. Eg elskar formingsoppgåver der elevane har god plass til eigen kreativitet, men eg innrømmer gjerne at det ofte blir ganske mykje rot når eg først set i gang… Eg blir like ivrig som ungane og gløymer både pausar og ryddetid. Dersom eg hadde hatt mobil som kunne fotografera, skulle eg lagt ut eit par av dei små husvera her med løyve frå arkitektane, men så teknisk utstyrt er eg dessverre ikkje…
Etter undervisninga var eg og Ane og Helen på jakt etter kostyme til hekser, fuglar og dansemus, og fekk konstatert at skulen sitt vesle, men ganske velutstyrde kostymelager var eit fullstendig kaos. Viss nokon skulle snubla inn dit, så har eg og Helen planar om å rydda det etter jul. Me er opne for å vurdera å ta andre involverte med på dugnaden…
I dag har eg fått i veg ein spostpakke til mitt kjære fadderbarn Arild og hans Hege med diverse strikka ting eg har laga med stor lyst og glede etter at dei fekk dotter nummer to for ikkje så lenge sidan. Eg har fått ei merkeleg dille med å strikka og dessigna babyklær… Det kan då ikkje i det heile tatt bety at mitt biologiske ut tikkar seg mot bestemorsalderen? Svaret er vel kanskje at eg meir enn noko framleis ville lika å ha ein baby i heimen, men då måtte livet ha blitt ganske kraftig ommøblert… Og eg måtte vel kanskje først ha vakna og vore nokre år yngre… Heldigvis finst det alltid ungar ein kan bruka tid saman med… For eksempel har eg ganskje mange av dei på jobben, så meg er det vel strengt tatt ikkje synd på. Eg hadde tenkt at dagens dikt skulle handla om noko anna, men nå føler eg for å henta eit «vera-mor-dikt» frå den siste diktboka mi… Eg har viss skrive ein del av dei…
I mitt ytterste mot
Då eg framleis
hadde små munnar
som drakk av meg,
*
framleis
hadde dunete små hovud
som lukta honning
mot halsgropa mi,
*
framleis
såg mjølkedropane renna
over tannlause smil
og ferskenkinn
pakka inn i mjuke teppe
i rosa, blått og gult,
*
laga eg dei første eventyra
om å verna dei
mot mistelteinar og spinneteiner.
*
La eg vakre planar
for å verna Balder,
for å byggja rosenhekkar
til ly mot vonde spådomar.
*
Nå øver eg meg
i å sleppa taket,
medan hjarteslaga mine
framleis
er bøner alle saman,
*
til nornene
om gode skjebnar,
til Timmy grashoppe
om å gå på sida av dei,
*
men i mitt ytterste mot
vil eg dei skal ta med seg
liva sine
*
og leva dei
sterkt og sårbart.
Nå skal eg snart ut i eit veldig hyggeleg ærend, kafekveld på Sandnes med Astrid og Marit. Det er framleis iskaldt vinterver, og me hald katten inne om nettene slik me er anbefalt å gjera det. Akkurat nå sit ho nesten på hendene mine og mel. Eg lurer på om den neste diktsamlinga mi må få namnet «Tastaturkatt» ?
Heidi
LIknande innhald
From → advent, Barna mine, Gode venner., Reiser, Teater og film., Uncategorized, vinter

