Luke seks to tusen og tolv – Glitter i trappa
I dag observerte eg eit veldig årstidstypisk fenomen; umiskjennelege spor av glitter i trappene på jobb. Det andre som er veldig årstidstypisk for meg personleg er at eg går med eit brannsår på høgre handa. I år har eg vore utruleg fingernem med limpistolen, og trass i flittig bruk av han i vekevis i kunst og handverkstimane, har eg klart å ikkje brenna meg ein einaste gong. Det kunne ha vore ei skikkeleg fjør i hatten, men sist helg skulle eg sjekka om peparkakene i steikeomnen var steikte, då brant eg meg ganske grundig, men forstod ikkje at eg burde vore tolmodigare enn eg var under kaldvatnet då eg skulle kjøla det ned. Nå etter ei veke er det bare att ei lita hjarteforma sårskorpe i eit raudt felt, så nå er eg så godt som skadefri…
Noko anna som absolutt høyrer til førjulstradisjonane for meg er å øva inn diverse forestillingar med små eller litt større barn. I dag har eg øvd i fire timar med dansemus, hekser, ein gjeng elevar og ein stor fugleflokk frå andre klasse, delvis alliert med dei flotte kollegene mine på trinnet. Me konkluderte etterpå med at øvingsdagen hadde gått forbløffande smertefritt. På måndag er det generalprøve med publikum om dagen og forestilling for foreldre om kvelden. Heldigvis er dei framleis i ein alder der dei fleste feiltrinn på scenegolvet vil bli oppfatta som sjarmerande… Og skulle «Deilig er jorden» sitja sånn nokonlunde som avslutningsnummer, garanterer eg nesten at det vil vera foreldre i salen som blir rørte til tårer slik at me frimodig kan kasta oss inn i ekstranummeret, den gode gamle fugledansen med litt ekstra klappefinessar…
Det med rørelse kan eg trygt seia etter å ha grått meg gjennom diverse forestillingar som mor, då er ein nemleg endå meir ømhjarta enn når det dreier seg om elevar. Eg hugsar då Halvard som seksåring kom inn i ein mørklagd sal saman med dei andre i klassen medan dei bar heimelaga lyslykter av syltetøyglas med ståltrådhankar i hendene. Sjølv om Halvard stort sett bare skar grimasar i staden for å synga, vart eg så rørt at tårene silte… Det var då eg etterpå konkluderte med at det kanskje var like greitt han var sistemann, for nå var viss sentimentaliteten i ferd med å gå fullstendig av hengslene. Kombinerer ein litt overtrøytte foreldre med komponentane levande lys og syngande barn så kan det meste passera som ekstremt sterkt reint kjenslemessig.
Etter at elevane var sende heim, og opplegg for neste veke laga, var det tid for jobb nummer to og skapande skriving i kulturskulen. Me sat på golvet inne på heimkunnskapsromet, som er det koselegaste romet på skulen, og spådde einannan i Kinderegg i lysskjæret frå stearimlys. Etterpå sat me med dempa belysning og brennande lys og pusla saman juledikt og humoristiske julebrev. Frå steikeomnen lukta det godt av kanelbollar me skulle feira adventstida med. Ute var det mørkt og snøen lyste kvit frå skulegarden. Rett under oss øvde skulekorpset på «Månemannen» slik at me fekk ganske mykje musikk til arbeidet der me sat og skrelde klementiner og skreiv dikt om einannan. Ofte er eg trøytt før desse to siste arbeidstimane i ei veldig kompakt arbeidsveke, men når eg kjem så langt som til å vera der, så opplever eg det alltid triveleg og meiningsfylt å sitja der og skriva saman med ungdomane. Av og til, sånn som i dag, drysser me bokstaveleg talt handfullar av ord utover bordet og ser kva dei kan brukast til.
I går hadde eg ein herleg kveld med Marit og Astrid, og i morgon har eg fri og dreg inn til byen med toget og møter Anne Mette. Det skal bli veldig fint det og. Allermest gler eg meg likevel til å sova tre timar lenger enn eg pleier i morgon tidleg. Kvar einaste morgon er min første bevisste tanke at i kveld skal eg legga meg tidleg, og kvar einaste kveld driv eg med alt mogleg anna enn å koma meg tidleg i seng… Eg inbillar meg at litt i ovekant av seks timars nattesøvn er i minste laget, men ofte er det det eg landar på.
Men dette vart grueleg langt. Nå til dagens visdom for dei av dokke som har hengt med meg heilt hit. Eg kjem ikkje utanom Martin Lönnebo i dag heller:
«Det gjelder kampen for å bevare og styrke to dyder som i dag er truet av utryddelse, nemlig forundring og ømhet. De står i kontrast til livets dødelige gifter, kynisme og reduksjonisme (mennesket er bare, livet er bare, Gud er bare…)»
Heidi

