Luke sju to tusen og tolv -Kåna
På torget i Stavanger står det ei lita rund dame med kåpe, veske og hatt. Skulpturen blir kalt kånå, og er ei middelaldrande dame, kanskje frå 50-talet ein gong, som skal ut og handla med «handletaskå» si, ho kan tolkast som ein hyllest til alle kånene som ein gong var.
Då eg gjekk av toget med veske og kåpe og gjekk litt forsiktig på det glatte nullgradersføret, slo den litt ubehagelege tanken meg, er eg i forbipasserandes auge blitt «ei kåna»? Har eg kanskje vore det i mange år allereie? Det var då eg fekk lyst til å hoppa litt fram og smila så sjarmerande eg kunne og ropa med gjøglarstemme; «Hei, hei, det er bare meg, eg er ikkje ei kåna altså, eg har bare kledd meg litt ut i dag?» Ein av min svigerfar sine mest fantastiske replikkar kom han med då han nærma seg nitti. «Fordelen nå er at jeg kan gå rundt i byen forkledd som gammel mann, hvilket jeg også er, og så kan jeg tillate meg hva som helst for folk kan bare tro at jeg kanskje er litt senil…»
Kåna eller ikkje, eg har hatt ein fantastisk dag saman med mi gode venninne Anne Mette som stod godt påkledd med skjerf og kåpe og venta på meg framfor domkyrkja.» Sidan begge kunne nyta ein høgst velfortent bydag, kunne me tillata oss å sulla rundt i bygatene heile dagen, noko som kjendest som ein verkeleg luksus. Me fekk uført eit felles handelsærend som ikkje kan skrivast nærara om her akkurat nå, og me fekk teke for oss mange butikkar og mange gater. Noko av det vakraste i dag var selgjaren sitt smil då han selde meg julenummeret av gatemagasinet asfalt. Eit annat rørande syn var eit par på nærare åtti år som sat på kvar sin stol i ein gullsmedbutikk. Han ville gjerne gi henne eit gullsmykke, og dei prøvde forskjellige smykke på henne for å sjå kva som passa best. Det var så vakkert, for på reklamefilmane er det alltid vakre unge damer på ca tjuefem som skal bli påspanderte gullsmykke, dei har ikkje så mange leverynker verken på halsen eller i ansiktet som denne dama hadde. Korfor alle rynkene hennar gjorde meg rørd, glad og sentimental kunne kanskje ein psykoterapeut ha svart meg på.
Me inntok ein aldeles nydeleg salat på Magasin Blå med eit så vanvittig godt foccacciabrød til, at eg for ein halvtimes tid gløymde det eg vanlegvis tenkjer om så lette karbohydrat. Er det ikkje jul snart kanskjeOm det var kåneanfektelsane frå tidlegare på dagen som fekk overtaket på meg veit eg ikkje, men eg fekk Anne Mette til å hjelpa meg å finna den flinkaste parfymeridama i byen med bekjennelsen: «Hei eg heiter Heidi og bruker nesten ikkje sminke, kva burde eg eigentleg ha og bruka? Eg gjekk ut der i frå med fuktighetskrem, solpudder og rouge, ikkje fordi eg fortener det, men fordi det kanskje er på tide å henta fram ressursar eg til nå har hatt til gode å ta i bruk… Kånå eller Kanutten, med eller utan sminke, dei som eventuelt møtte meg på gata etter makeover operasjonen der eg vart skånsomt pudra og rouga, ville truleg ikkje sett forskjell. Me var innom og sa hei til Torje og Vetle som klipte håret på ein fargerik barbershop med gammeldagse barberstolar og BH-ar og hattar hengande på nokre digre elghorn på veggen. Det minner meg om dei vridde gnuhorna kjærasten min hadde i stova si då eg møtte han. På den tida samla han på stygge slips som han hengde på horna…
Det var meir enn mørkt før eg kom meg på toget heim, og eg kjende at eg rett og slett hadde gått så mykje at eg var trøytt i føtene. På veg opp ein bakke ikkje langt frå der eg bur, var det plutseleg ein bakke der eg ikkje heilt berekna kor glatt det var. Først glei eg ut i noko som minde litt om ein spagat, så vart eg liggjande på alle fire med vesker og handleposer rundt meg. Først kjende eg etter om eg var like heil, så såg eg humoren i det, og så gjorde eg det visst nok alle nordmenn gjer når dei dett på isen; lurte på om det var nokon som såg meg…
Det var det… Men ho som kom bak kunne med ein viss grad av humor fortelja at for ei lita stund sidan gjekk ho ned den same bakken og då havna ho på ryggen der eg nesten gjekk ut i spagat. Heldigvis var me tilnærma like heile begge to, og tok fylgje eit stykke før me ynskte einannan ein trygg tur heim… Nå er det nok om meg. Her kjem dagens visdom, denne gongen og henta frå Martin Lönnebo:
«Jeg nølte da jeg skrev bed bønnen» Gud gi meg kjærlighetens øye,» for viss Gud gir meg det vil det ikke føre med seg bare glede, men også lidelse. Å, hvilket osean av nød, svik, ensomhet, ondskap, dumhet og fortvilelse er ikke verden. Å se med kjærlighetens øye er ikke det samme som å lukke øynene for nøden. Den du ser med kjælighetens øye er din søster og din bror. Dere hører sammen i nød og lyst.»
Heidi

