Gå til innhald

Luke åtte to tusen og tolv -Henning på kjøkkenet.

desember 8, 2012

cropped-orre.jpg

Det er fantastisk å ha helg. Då eg sat og gjorde ferdig det tradisjonelle julebrevet, tikka det inn ei veldig koseleg melding: «Hei, eg er på veg til Bryne på julegavehandel, har du eit ørlite hol i dagen til meg?» Meldinga var frå Torun. Så klart eg hadde eit lite hol i dagen! Torun er ei av  mine kjæraste venninner og ho bur frykteleg langt borte, men sidan foreldra hennar bur sånn omtrent her, hender det at ho dukkar opp.
Eg fekk sett over kaffien, men kjøleskapet var så godt som tomt. Med litt leiting i fryseboksen vart det då litt likevel, halvsteikte rundstykke, ein pose lappar, litt aprikossyltetøy, ein bit spansk ost, brelett,  omelett av nokre egg,
peanøttsmør, peparkaker og ei plate kokesjokolade, litt appelsinjuice og eit par flasker eplemost, slikt kunne ein då ha bydd gudinner på om det skulle knipa. Torun dukka opp med ein boks Ryfylkegome, og så var festmåltidet komplett. Me ringde etter Astrid, og så var alt duka for ein flott føremiddag. Så var det bare å tenna adventstjerna og alle lysa på kjøkkenbordet, og så kunne bare mørket koma.

Torun hadde med ein fantastisk presang. Ei diktsamling skrive av min gamle venn frå tetergruppa på Kristiansand lærarhøgskule på begynnelsen av åttitalet, Henning Howlid Wærp. Eg ante ikkje at han skreiv dikt ein gong. Først var det opplesing, og så var me plutseleg tjue år og gjekk på lærarskulen, eller noko slikt. Det kom fram ting me hadde gløymt eller ikkje visst, og gamle historiar vart heilt som nye. Om du mot all formodning skulle lesa dette, Henning; Du gjorde dagen vår!

Nå har eg rydda vekk det som ryddast skulle etter måltidet, og må skunda meg å leggja ut denne luka før klokka blir for mange, for nå skal me snart vera endå meir sosiale, me skal setja oss i bilen og kjøra til Hundvåg for å feira Heidi som fyller år, så denne helga blir pakka frå ende til annan med gamle gode venner, og det set eg stor pris på.  Nå skulle eg sjølvsagt ha bydd på eit av Henning sine dikt, men eg trur eg må leita litt meir nøye for å finna akkurat rette teksten, så eg byr på eit av mine i mellomtida. Det er forresten ganske kjekt å registrera at diktbøkene mine får bein å gå på, eg sel bøker kvar einaste dag, framleis har eg ei øskje att om nokon skulle vera i beit for julegåveidear. Eg skal ikkje påstå at det er gaven som passar alle… – men nå er det i alle fall sagt. Kvar gong eg driv reklame så kjennest det litt ubehageleg, så eg skal liggja lågt i terrenget her i adventkalendaren. Men her kjem eit dikt likevel, – heilt gratis, og spesial for you…

Alltid noko som gløder

For ser du godt nok etter,

så er det alltid noko som gløder.

*

Det finst eld,

og det finst vindar.

Det finst svar

som ikkje passar til spørsmåla.

*

Det går alltid

eit prosejonstog gjennom livet,

forbi damene i leopardkåpene,

forbi dei store heisekranane,

*

gjennom lyskryss

og fotgjengarundergangar.

*

Hald deg klar

når du høyrer saksofonane.

*

Det finst alltid noko som gløder.

cropped-3656818335_31d6e1bc01_m.jpg

Ynskjer velkomen til den nye bloggen min med eit bilete eg er glad i, malt av Ingrid då ho gjekk på vidaregåande.

Heidi

2 kommentarar
  1. Rannveig's avatar
    Rannveig permalink

    God helg Heidi, og takk for alle tankane du deler, også nå i adventstida!

Kommenter innlegget