Gå til innhald

Luke ni to tusen og tolv -Det lyser ei stjerne i natta

desember 9, 2012

2.sundag i advent

I går kveld var me på ein utruleg koseleg fest hos Heidi som feira 50-årsdagen sin. Heidi og Per Inge er nokre av desse vennene me har harr så lenge, og delt så mykje saman med, at me nesten trur at me er i familie med dei. Me har sett kvarandre sine ungar veksa opp, og fulgt kvarandre gjennom 30 år. Dagen vart feira med masse kjekke folk, vakkert dekka bord i adventfargar og juletapas. Eg tenkjer ofte på kor priviligerte me er som har så mange gode venner. Det er langt meir verd enn det meste som kan kjøpast for pengar. I løpet av kvelden gjekk snøbygene over til regnbyger, og då me reiste heim seint på natta var det eit lag vatn over isen på vegen.

I dag fraus det på att, så nå er vegar og gardsrom dekka av blank holke, eg er glad eg har halde meg med sjåfør i heile dag og ikkje trengt å kjøra sjølv. Først tok mi kjære syster meg med på ei fin fotoutstilling, og seinare på dagen var eg og mannen i huset på julekonsert i den kyrkja me gifta oss i for meir enn 27 år sidan. Det var ein sjarmerande konsert med ein lokal variant av «De tre tenorer» med gjestande solistar og ein fiolinist i tillegg til klaver og rytmer. Eit av innslaga var at solisten Astrid Larsen framførde den julesongen eg og Torhild skreiv spontant i løpet av eit par dagar like før jul for to år siden. Det var første gongen eg høyrde han framførd i konsertversjon, og det klang riktig fint. Torhild var der saman med oss med mor og syster. Det var fint å vera der saman og få med seg denne happeningen. Det blir spennande å sjå om dette er ein julesong som etterkvart vil bli brukt…

Det lyser ei stjerne i natta

1

Det lyser ei stjerne i natta.

Ho lyser for håp og for fred

lyser for oss som leitar,

og alltid må gjera det.

Ho lyste ein gong over stallen,

for menn utan makt, utan ry

for slike som jobba ute

om natta ved Betlehem by.

2
Ho lyste for han som var trufast,

mot planen som var blitt lagt,

som støtta ei sliten kvinne

så langt som det stod i hans makt.

For ho som var sårbar og lydig,

som hadde fått kjenna på skam.

Ho måtte dra ut på vandring,

og fødde så snart ho kom fram.

3
For guten som føddest til uro,

for flykten til framande land,

for han som var himmelsk annleis,

ein kvilelaus, kjempande mann.

Ho lyste for desse så rike,

så mektige, undrande menn,

dei som ikkje eingong visste

heilt klart kor dei skulle dra hen.

4.
Me kjem med urolege hjarte

på leit etter kvile og fred,

me ber på ei rastlaus lengsle,

me aldri blir ferdige med.

Å Gud, ta imot oss som leitar,

som kjem hit med nølande steg,

og la oss i glimt få kvila

i lyset frå stjerna hos deg.

julesang

 

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget