Everything comes to an end

For eksempel ser ikkje denne stova ut som denne stova lenger, og skal aldri meir koma til å gjera det, same kor merkeleg det måtte kjennast akkurat nå. I dag har me og pakka kasse etter kasse etter kasse, og nå er me nokså ferdige med det som er vår del. Sunniva ankom åstaden, til mi store gjensynsglede, og har vore saman med oss og jobba. I dag hadde me ei oppleving som var nokså surrealistisk. Sunniva, far hennar, Henrik og eg sat i den eine stova og åt varm lunsj med kinesiske spisepinnar, sidan me ikkje var i stand til å finna gaflar og skeier nokon plass. Eg sat på golvet fordi det ikkje var nok stolar. Midt mellom flyttekassar og store bokstablar sat me. Sunniva fann ein kasse innehaldande ein gammaldags lydbandspelar, ein slik eg hugsar me og hadde heime før kassettspelarane kom.
Sunniva lurte på korleis bandspelaren fungerte, og Henrik ville visa henne. Me fann ut at me kunne sjekka om det var nokon lyd å finna på dei store bandspolane, og plutseleg kom svigerfar sin stemme ut i romet. Stemmen var så ung og energisk som eg aldri har høyrd han før, det må vera ca førti år sidan opptaket vart gjort, og då var han på alder med dei to sønene som eg sat der og åt fiskekake og nudlar med spisepinnar saman med. Han må ha brukt lydbandspelaren omtrent som ein diktafon, for me fekk ein lang samtale med noko som kan ha vore ein svensk kollega om ein destillator dei vurderte å kjøpa inn til vaksineavdelinga der han var overlege. Det vart diskutert fordelar og ulemper ved ulike typar maskinar, og me fekk rett og slett vera med han på eit møte på jobben. Det var ei sterk og merkeleg oppleving for oss som akkurat dreiv og rydda i bøker og papirer etter han. Me fann for eksempel ein legejournal der det vart forklart i detalj korleis det gjekk føre seg då oldemor til Sunniva sklei på trikkeskinne og stakk paraplyen så forkjært inn i auget sitt at det ende med at auget måtte opererast ut… Dette skjedde for sånn omtrent seksti år sidan eller meir, så vidt eg kan bedømma, eg kom ikkje på å sjekka datoen på journalen.
I skuffene til svigermor ligg det vakkert broderte lommetørklær av den typen som nesten ingen menneske vil finna på å snyta seg i lenger. Før gjekk ingen menneske med respekt for helse og hygiene meir enn ti steg utan å ha med seg «lommaplagg», nå blir det sett på som uhygienisk å legga snuen sin ned i lomma att, pakka inn i broderte nystrøkne små tøystykke laga til nettopp det bruket. Sunniva ville verken ha farmor sine broderte lommetørklær, lavendelposar, pudderdåse eller parfymerte såper, men ho ville gjerne ha boksane fulle av knappar ho hadde spretta av utslitte klede, gamle belter og solbriller, og den gamle velbrukte hagejakken hennar. Sybordet og symaskinen, som i beste fall bare treng ein servis for å bli som ny, hadde ho og lyst på.
Eg fann noko som for meg er verkelege skattar. Handsydde underklede som kanskje er etter Leif si oldemor, handbroderte underliv med blonder, broderier og bitte bitte små legg sydd i tøy nesten så lett som spindelvev. Det eine såg ut som om det aldri var blitt brukt, og eit velbrukt, sidt underskjørt, med blonder, biser og legg. Det siste var forsiktig bøtt og lappa på. Eg vil bruka det til å visa ungar både handarbeid jenter vart opplærde til å få til før i tida, og korleis unge kvinner gjekk kledde. Eg innrømmer at det nok kjem til å klø litt i fingrane etter å bruka det som teaterkostyme og, men eg får vel prøva å besinna meg…
Om kvelden samla me dei åtte personane i storfamilien Harboe som er i nærleiken akkurat nå, for å feira at mannen i livet mitt fylde år i dag. I går bakte eg ei sjokoladekake, og i dag gjekk Sunniva og eg litt berserk på handlerunden vår, så fata bugna av kokosbollar, ost, kjeks, ostemarmelade, jordbær, druer, bjørnebær, bringebær, druer og fargerike frukter me ikkje kan namnet på, i tillegg til grove scones og ei lita marsipankake frå Baker Hansen, som kan sine ting på konditorfronten. Det vart ein fin kveld saman med dei utvalde. Oppdraget vårt her aust i landet er snart fullførd, så i morgon unnar me oss ein liten bytur i vintersola. Dette har vore nokre viktige dagar som har vore med på å setja eit slags punktum for ein epoke i liva våre. Nå må eg nok rydda mine eigne kjøkkenskap og bokhyller med litt harde hender for å få plass til alt det «nye».
Livet går vidare, og i slike tider blir eg merksam på desse historiane som blir levde parallelt og lagvis på ytre og indre plan i dei store historiane som alle vil hugsa,og i dei små historiane som eg og mine næraste vil hugsa. Som at Sunniva sin farfar vart bisatt heilt samstundes med at spådomane om verdas undergang skulle finna stad, og at pave Benedikt melde at han ville abdisera samstundes som me samla saman papira, bøkene og salt og peparbøssene etter både farmora og farfaren hennar. Livet har mange notelinjer og melodiar, og ofte må ein forhalda seg til fleire av dei på same tida.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Kjærasten min, Livet og alt ein burde ;-), Mat, sorg, vinter
Så kjekt å lese. Livet er i stadig endring.
Det er det 🙂