Gå til innhald

Helsing frå kostymelageret

mai 6, 2013

leva her scene

I dag har eg vore på kostymelageret for å leita etter ting me treng til Astrid Lindgrenforestillinga 21. mai. Det er ei selsom oppleving å gå inn dit. Det er nesten ikkje råd å setja foten framfor seg utan å trø på noko. Romet er stappfullt av hengande klede, liggjande klede i kasser og korger, liggjande klede på golvet, parykkar, hattar, legefrakkar, narreluer med og utan bjeller, kokkebukser, kamelkostyme og papegøyekostyme i salig blanding. Det har ikkje blitt rydda der på litt for lenge, me er litt for mange brukarar, og eg har ei nokså tyngande kjensle om at eg er ein av nøkkelpersonane til å få rydda der. Eit av hovudspørsmåla mine etter denne økta er: Kor i all verda er Pippi -Langstrømpe- parykken vår? Har me lånt han vekk, og i tilfelle til kven? Sidan eg var i humør til å gjera kort prosess, sykla eg til den einaste butikken i byen vår som kan tenkjast å ha ein slik parykk… Dei fortalde meg at me er ute av sesongen for karnevalskostyme, og at i tilfelle dei hadde, så var han nedpakka på lageret. Ho var til og med så snill at ho gjekk til lageret for å leita medan eg meir eller mindre uoppfordra passa butikken, men kom tilbake og hadde gitt opp…

Eg innser at eg nok kanskje må sy ein ny Pippi-kjole, men framleis er det tid nok til det… Det eg klarte å få tak i på sykkelturen min, var imidlertid strømper til Pippi, propell til Karlson på taket og bukseselar til Emil frå Lønneberget, så heilt forgjeves var turen ikkje. Eg fekk og kjøpt med meg ei god fiskesuppe som eg kunne ha til middag, for dei to eg for tida bur saman med, hadde ordna seg på anna vis. Klokka seks var eg heime og halvslakk, sliten og forkjøla sovna eg på sofaen med avis i hendene og katt på magen. Nå blir det snart ein tidleg kveld etter ein del skal-bare.

Livet mitt har i grunnen ein del til felles med det allereie nemnde kostymelageret. Ytterst rikhaldig, litt vel kaotisk, fargerikt og smånostalgisk og med ganske mykje som ein nok skal ta tak i når bare rette dagen kjem. Eg gløymer frå år til år kor travelt det er med forestillingar, avslutningar og diverse innspurtar, men når eg les dei tidlegare maibloggane mine, så ser eg at eg er på plass i det romet eg er i kvart år på denne tida. Ein riktig sjarmerande plass med litt i overkant å henga tankar og fingrar i… Neste år blir det annleis, for etter tolv år, trur eg det er, har eg og Jan Ivar sagt opp stillingane våre som dramalærarar. Det er litt vemodig, for denne jobben har bydd på utruleg mange fine ting, men eg kjenner det er rett å takka for meg nå. For mitt vedkomande er det bare snakk om femten prosent av den fulle stillinga mi, og eg har tenkt å unna meg den store luksusen å bruka desse femten prosenta til å vera frilansforfattar, formidlar, forteljar og diverse anna. Eg har jo drive med slikt heile tida, men nå vil eg rett og slett rydda plass til det. Det blir bra…

Og inntil vidare får eg klamra meg fast i karusellen med begge hender og la han snurra sitt vanlege vårløp. Det er kome eit aldri så lite grønskjær på tre og plenar, og ein og annan løvetann har dukka opp i lag med ei og anna påskelilje, men framleis blømer snøklokker og krokus, og her ein dag høyrde eg på radioen at botanisk sett så var me i år nøyaktig ein månad seinare ute enn i fjor. Då vart det og sagd at i fjor var våren ekstra tidleg.

På onsdag dreg me austover for å henta heim Sunniva som faktisk er i ferd med å avslutta folkehøgskuleåret sitt. Du all verda så fort eit år går. Eg gler meg til å få med meg avslutningsarrangementet. Det er alltid fascinerande å vera vitne til oppstart og avslutning av eit folkehøgskuleår. Mykje skjer på eit slikt år, og dei me hentar heim er ikkje heilt dei same. Me budde faktisk på folkehøgskule ein periode, så eg har fått eit innblikk frå begge sider. Eg trur eg hadde trivdest veldig godt med å jobba ein slik plass.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget