Gå til innhald

Heimhentedagen -den niande dagen i mai

mai 10, 2013

Frå Vikingland ein gong på nittitalet. Ingrid er ikkje heilt fornøgd fordi ho ikkje likte kostymet alle måtte ha på seg der inne.

Så gjør vi så når vi hentar vårt barn, hentar vårt barn… Sidan me ikkje har fått lasta opp bileta me tok på folkehøgskulen, så hiv eg opp eit bilete frå den gongen dei verkeleg var barn som måtte hentast heim med jamne mellomrom, Sunniva, den yngste av jentene mykje oftare enn dei andre, fordi ho allereie frå ho lærte seg å gå aleine elska fridomen, og stakk av så fort ho såg ein sjanse til det for å oppleva livet på eiga hand. Det er ikkje få timar me har brukt på å leita etter henne, det vere seg i nærområdet, i Liseberg, i Tivoli i København og i Disneyland. Biletet over er frå Vikingland ein gong på nittitalet, og foreløpig er ho godt fornøgd med å halda seg til resten av flokken der ho kikkar fram under ein alt for lang pannelugg. I motsetnad til storesystera like bak, så ser ho ut til å trivast med at alle måtte ha «vikingkostyme» for å få vera i parken.

Men nå har ho meir eller mindre vore ute i livet på eiga hand i snart eit års tid. Ho har gått på folkehøgskule, fått prøva seg i eit miljø som var heilt annleis enn det ho reiste frå heime,  ho har blitt kjend med mange nye menneske, lært masse om fotografering, og ikkje minst fått litt fred til å tenkja både bakover og framover etter nokre år på dramalinja og i teatergruppe og kveldsjobb i eit forrykande tempo som eg trur dei fleste ville ha mislukkast med å klamra seg fast i utan å gå glipp av noko. Eg ser at året har gjort henne godt, og nå var ho både klar og ikkjeklar til å dela ut avskjedsklemmar til alle dei ho har delt eit år av livet sitt med i skogane lengst aust ved svenskegrensa.

Så var me klare då med bilen me krasja med dagen før, eller for å vera meir nøyaktige, vart påkjørde bakfrå i. Døra på bagasjeluka gjekk ikkje i lås, men elles såg det ut som om det meste virka greitt, så me hadde bestemt oss for at me kunne fullføra turen. Eg hadde på meg den blå kjolen som eg hadde lagt i kofferten rett frå klessnora, og då eg gjekk ut frå hotellet såg eg til mi forskrekking at det var fleire flekkar på framsida av kjolen som ikkje var gått av i vask… Me stoppa på ein bensinstasjon og eg gjekk ut på toalettet der det heldigvis var glovarmt vatn i vasken. Med handsåpe og masse glovarmt vatn prøvde eg å vaska det tynne chiffonglaget på overkjolen, ein har då lært seg litt problemløysing gjennom åra. Så kryssa eg fingrane for at flekkane skulle forsvinna.  Me reiste gjennom eit framleis nokså skodde- og regngrått landskap, som faktisk på lune og solrike stader hadde begynt å eksplodera litt forsiktig i grøntonar. Me såg både kvitveis og dei første bjørkene med små grøne museøyre.

Vel framme møtte me ei glad Sunniva, som stod og venta på oss, for nå var det varm lunsj. Etterpå skulle me få sjå oss om i galleria på skulen og sjå dei fine utstillingane elevane hadde laga, det var verkeleg imponerande. Eg hadde i mellomtida oppdaga at kjolen slett ikkje var blitt rein, og gjekk lettare panisk inn på eit tekjøkken der det stod ei flaske med det godt utprøvde flekkmiddelet zalo. I dette tilfellet var det ikkje eit godt hjelpemiddel, for nå vart det skjoldete såpeflekkar i tillegg til dei andre… Eg viste det i lett fortviling til Selma og mora, og mora sa på oppmuntrande nordnorsk dialekt: «Du skulle hadd eit stort sjall over kjolæn.» Sunniva trudde ikkje ho hadde noko slikt, men eg kom på at eg hadde jo faktisk eit stort skjerf i bilen. Det lot seg dandera over flekkane ved hjelp av ein strikk og ei sikkerhetsnål. Og heldigvis var det ein skule der elevane ikkje var så veldig uniformerte, så då trong vel ikkje foreldra vera det heller. Eg tenkte at det måtte jo synast som ein rar kombinasjon med kongeblå kjole, svart jakke og eit stort skjerf i krafig bomull, i brent oransje med små kvite blomar, dandert på ein litt påfallande måte, men mor til Selma trøysta nok ein gong: «Det mætsjer jo skoan dine!» Og det gjorde det faktisk, og eg kjende meg mykje betre, for mor til Selma var ei stilig dame som ein gjerne kunne ta seg tid til å lytta til.

Og vel inne på festen såg jo alle mot scenen der det foregjekk mykje fint, song, musikk, vising av elevarbeid på storskjerm, talar, sjølvlaga musikkvideo og mimrefilmar.  Me såg at her hadde ungdomane hatt det godt, og etterpå drakk me kaffi og åt sjokoladekake før me gjekk laus på prosjektet; Stappa mykje meir enn ein trudde av bagasje inn i ein skada bil. Me klarte å stappa utruleg mykje inn i skiboksen på taket som seinare vart forsvarleg lukka med mange rundar gaffatape…

Dette medan ungdomane dreiv på med den oppslukande aktiviteten skriva helsingar i dei siste årbøkene, klemma einannan og gråta lenge. Dette hadde eg berekna tid til då eg snakka med Torun om når me kom til å dukka opp hos dei på kvelden. Eg har henta to ungar på folkehøgskule før, og i tillegg har me budd på ein av dei.  Det får vera god kompensasjon for at eg framleis er bittelitt lei meg for at eg aldri gjekk på folkehøgskule. Eg kan jo framleis ta meg jobb på ein av dei ein vakker dag… For at eit slikt år er læring og ballast for resten av livet, nei det er eg ikkje i tvil om…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget