Gå til innhald

Så kom telefonen

mai 11, 2013

stovebord odd

Mobilen ringte i går då me sat og åt frokost heime hos Torun og Torbjørn. Me hadde hatt ein usedvanleg triveleg kveld i heimen etter å ha henta Sunniva. Me hadde ete nybakte rundstykke, og prata saman med husfolket og Odd-Geir som og var overnattande gjest hos dei. Tjue minutt før frokosten, hadde eg hatt ein prat med sjukeheimen, fordi onkel var tilbakeført dit etter ein ny omgang med behandling mot lungebetennelse inne på sjukehuset.  Personalet sa at dei ikkje var heilt fornøgde med pusten hans, og at dei vurderte ny innlegging. Så ringte mobilen og sa at dei hadde dårleg nytt. Onkel Odd hadde blitt funnen død i senga etter at dei hadde hjulpe han med morgonstellet, og gitt han litt å drikka, fordi han ringte på alarmen og sa at han var tørst.

Dei siste fire månadane har eg vore i konstant telefonberedskap, og eg visste at det var ein telefon som kunne koma. Derfor trur eg at eg var ganske godt mentalt førebudd, så eg sa til personalet på sjukeheimen at eg kunne varsla dei andre pårørande. Det vart mange telefonar og mykje sorg utover dagen. Me måtte begynna å planlegga korleis ting skulle ordnast, kva som skulle gjerast av kven og om nokon hadde lyst til å reisa til sjukeheimen for å sjå han. Sidan me var meir enn femti mil unna så var ikkje det siste aktuelt for oss, men nokon av dei andre hadde lyst til å gjera det.  For meg var mobilen ein stor gave i går, for mykje kunne ordnast og samtalast om frå bilen medan mannen i mitt liv og Sunniva veksla på å kjøra oss trygt heim.

På vegen heim kjørde me innom foreldra mine, og sidan Oddvar og Ingrid og kom opp var me ein stor gjeng rundt bordet. Om alt går bra skal mor operera begge hoftene sine på mandag, så nå skjer alt på ein gong. Det var nokså spesielt for henne å få telefon om at bror hennar var død medan ho sat i samtale med legen som skal operera henne. Etterkvart kjørte me heim til det lett kaotiske huset me forlot rett etter jobb på torsdag. Nå kom Odd Christian og heim, og me kjøpte oss pizza me tok med heim til kveldsmat. Resten av kvelden var me saman med unntak av russen vår som hadde andre planar utpå kvelden. Eg kan ikkje tenkja meg ein situasjon med meir trøyst i enn alle ungane mine nesten oppå einannan i sofaen rundt oss og ein malande selskapssjuk katt på fanget.

I dag har me vore på sjukeheimen for å henta tinga hans. Det var vemodig å ta dei fint opphengde skjortene ned frå hengarane, ta vintersixpencelua han har hatt lite bruk for i vinter ned frå hylla, og bretta saman alle buksene. Dei nyaste rakk han aldri å få brukt. I sist veke hadde me dugnad med å sy namnelappar inn i kleda hans, nå må dei sprettast ut att om kleda skal gå til ein gjenbruksbutikk. Frå nattbordsskuffa henta me lommebok, klokke, radio og kontonummerliste. Den nye mobiltelefonen, han aldri heilt rakk å læra seg å bruka, der bror min hadde lagt inn mobilnummera våre som hurtignummer og klistra dei bak på telefonen, låg og i skuffa saman med ein pakke gjendekjeks, tre esker drops og ein pakke sviskekompott me kjøpte til han i sist veke fordi han plutseleg fekk lyst på det. Frå veggene tok me ned dei bileta me hadde fått hengt opp på veggen hans, og frå toppen av skapet dei bileta han ville ha på veggen, men som ennå ikkje var på plass. Dei som har vore der for han på heimen har vore så fine og omsorgsfulle. Nå kom to av dei inn for å snakka med oss og kondolera. Me hadde med oss blomar og sjokolade som ein takk for at dei hadde vore så gode med han. Eg tenkte på korvidt det er eit syn ein får venna seg til om ein bur på sjukeheim, dette  å sjå slektningar av medbebuarane koma gjennom gangen med malerier i den eine handa, og ein svart søppelsekk med klede i den andre, fordi kompisen over gangen ikkje lever lenger og ikkje treng kleda sine meir.

Me låste oss inn i huset hans, hengde bileta på plass på veggen, la tøyet hans ut av sekken og tok med oss frossen torsk frå fryseboksen hans. Sorga vart ganske tydeleg, alle gjenstandane står der og speglar eit liv som ikkje lenger er der.  Etterpå plukka me påskeliljer og blå blomar i hagen hans og reiste heim for å ringa begravelsesbyrået. Eigentleg skulle me i fest i kveld for å feira flotte Synneva som nettopp har fylt år, men me kjende at det vart ein litt for skarp kontrast til sorga og alt som skal ordnast, så me tok med oss påskeliljer og ein presang og reiste innom for å gje ho ein klem og melda avbod.

Det er blitt vanleg med familiar der barn forheld seg til mange vaksne. Bror min og eg vaks opp i ein litt liknande familie før det vart vanleg. Det likna i alle fall på den måten at me til ei kvar tid hadde to foreldre, to besteforeldre og tre onklar som budde saman med oss. Ei grandtante frå Figgen kom ned for å eta middag med oss på alle sundagane, og ho dukka ofte opp på kvardagar og. Dette livet varde til eg vart seks år og flytta barndomen min til ein ny plass der far hadde fått jobb, og mindre enn eit halvår før hadde me fått ei veslesyster, som ikkje heilt rakk å få føling med livet i ein stor familie før me flytta.

Onkel Odd er nå den siste av onklane mine som går frå oss. Som i Donald Duck så er eg oppvaksen med onklar. Dei var viktige for meg og syskena mine, og me var viktige for dei. Dei fekk aldri eigne barn, så barnebileta på veggen hos onkel er av meg og syskena mine og av våre barn. Då barna våre var små var han ofte barnevakt for dei. Då kom han syklande med sjokoladebollar og potetgull til dei i sideveska på sykkelen, og om sommaren kom han for å luka beda våre. Han var lidenskapleg oppteken av hagedrift og blomar, og framleis er hagen hans den reine parken. Då me var små kom han heim på lønningsdagen på fabrikken der han jobba , som eg meinar å hugsa var kvar einaste fredag, med lakrisrullar med drops i midten og eventyrbrus til oss barna, det hende til og med at han las høgt for oss i ei av Kjell Aukrust sine bøker. Då eg var liten, fortalde han meg om den mest fantastiske boka han nokon gong hadde lese, «Kilden» av Gabriel Scott, boka om fiskaren Markus. Fylgjande avsnitt gjenfortalde han for meg, og sa at om ein ikkje kunne  tilgi, då var ein ille ute. Då han vart sjuk måtte eg låna boka på biblioteket for å lesa ho ein gong til. Seinare fann eg boka i svigermor si bokhylle, og tok ho med meg som ein del av arven:

«Den siste dagen han levde, lå han og prøvde seg innerst inne- ,om han kunne tilgi som skrevet stod, og skilles fra menneskene uten nag. Han tok dem for seg en etter en, alle som likesom alle hadde trådd på ham , alle som hadde skubbet han vekk og vært uvennlige all sin tid. Skomakeren, kunne han tilgi skomakeren? Jo, han kunne tilgi skomakeren, det var riktig en flink kar. Enn Kristen, kunne han tilgi Kristen? Jo, han kunne tilgi Kristen med. Så lå han og kjente seg lettet og glad, og kom til å huske profeten Elias som ble opptatt av en gloende vogn. Nu skulle Markus opptas han med, nok kom her ingen vogn etter han, men det kunne også være det samme. For det kom ikke an på måten, det var målet som det kom an på, målet som var og som er og som blir…

Et menneske kommer til verden -en ånd daler ned på jorden, den roter en støvsky opp omkring seg, tar støv på og sleper det rundt. Når dens tid her nede er omme, legger den atter støvet av, og vender tilbake i det eviges favn.» Gabriel Scott.

Heidi

5 kommentarar
  1. ALL VERDAS's avatar

    Heidi, eg er mest litt skjelven her eg sit. Eg hadde og ein (berre ein) slik Onkel, ugift og med mor mi og meg og systrene mine som sin familie. Han døydde i romjula 2000, i den stova der han vart fødd, og der han budde heile livet. Me har teke over garden etter han, og eldste sonen vår er kalla opp etter han. Han var fødd i 1919. Han las mykje, og av alle bøkene han hadde lese, var det ei bok som stod over alle andre: Kilden av Gabriel Scott. Ingen kunne måla seg med den for han.

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Av og til er samantreff så merkelege.

  3. ALL VERDAS's avatar

    Ja, veldig merkelege. Eg lurer på ein ting: Har de kalla opp ein son etter onkel Odd?

  4. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Ja, på ein måte. Eg har ein far som heiter Odd og, så Odd Christian er vel mest oppkalt etter han, men og etter onkel Odd.

  5. ALL VERDAS's avatar

    Vår Ola er kalla opp etter Onkel Ola, utan tvil, for han levde og budde i huset ved sida av oss, men far min heitte Ole. Han døydde då eg var lita, så han hadde ikkje fått oppleva gleda av å bli kalla opp. Elles hadde me kanskje kalla opp ein av dei andre etter han. Eit aldri så lite samantreff til 🙂

Kommenter innlegget