Ein rufsete bukett med kvitveis
Livet byr for tida på overraskingar. I dag overraska livet og oss sjølv oss med at me havna ein plass me ikkje hadde planlagd å koma til. Etter gudstenesta skulle me opp til mor og far for å henta eit bildekk til Halvard, og for å ynskja mor lukka til med operasjonen. Far fortalde då at farmor er ganske dårleg. Ho er flytta frå sjukehuset til ein sjukeheim i nærleiken av der ho bur, men allmenntilstanden var ikkje god. For tre veker sidan fekk ho hjarteinfarkt og etterpå har det oppstått komplikasjonar som lungebetennelse og andre ting som ikkje er så kjekke. Kvar dag desse vekene har eg tenkt på at eg gjerne ville ha besøkt henne, men sidan det er eit stykke å reisa har det blitt med tanken. Nå vart eg ganske bekymra og tenkte på kor lyst eg hadde hatt til å sjå henne.
Me diskuterte på veg heim, og plutseleg bestemte me oss, snudde bilen og varsla ungane om at me reiste til oldemor og ikkje kom heim før i kveld. Eg ringde syster for å spørja om ho ville vera med, men ho fekk det ikkje til i dag. Me var heldige, etter dei to undersjøiske tunnelane kunne me kjøra rett på ei ferge. Så fekk me oss eit lite måltid mat medan me vart frakta over fjorden. På Austre Bokn rekvirerte eg eit stopp då eg såg ei grøft der kvitveisen hadde sprunge ut, og ein time seinare ankom me sjukeheimen med ein bukett halvvisne kvitveis i handa. Farmor låg i senga og var så vakker og blid med snøkvitt hår og eit stort smil då ho såg meg. Ho hadde allereie besøk av to av syskenbarna mine med koner og av eit lite tippoldebarn som var litt sjenert fordi tippoldemor ikkje var heime på kjøkkenet sitt, men låg i ei seng i eit stort framand hus med slangar i nasen.
Sjukeheimen var ein god plass å koma til. Dei andre sat allereie og drakk kaffi, og personalet serverte nytrakta kaffi, is og rørte jordbær. Eg vart tilbydd plassen ved senga, og det var så fint å kunna klemma farmor igjen og å snakka med henne med ord og blikk. Eg hadde lurt på kva som kom til å møta oss, men dette var bare fredeleg og fint. Farmor var roleg og blid og sa at ho ikkje hadde mykje vondt, men at ho kjende seg slapp og kraftlaus. «Eg e blitt gammale nå,» sa ho. Og det kan jo ingen protestera på. Me vil så gjerne behalda henne ei stund til, for ho er ei av dei finaste damene eg veit. Ho sa at det var fint å ha så mange kjekke barnebarn og spurte etter alle heime. Ho hugsa kva ungane mine driv på med og spurte om Ingrid bare hadde eitt år att på lærarskulen nå. Dei nokså pjusketete kvitveisane mine vart sette i eit glas med vatn og kom seg litt sånn etterkvart.
Etter at dei andre hadde gått kom den yngste kusina mi med mann og to fantastisk fine ungar på tre og seks år. Det var fint å møta dei alle saman. Farmor kom seg såpass at ho fekk ta oksygenslangen ut av nasen og dermed likna litt meir på seg sjølv i frisk tilstand. Heilt i tråd med alt ho har stått for sa ho at eg måtte ta godt vare på den gilde mannen min, og det lova eg å gjera. Etter halvannan time var ho trøytt, og me fann ut at me måtte ta fatt på heimvegen. Det eg hadde trudd skulle kjennast trist, kjendest mest av alt fint. Farmor var blid og avslappa, og det var rørande og fint å sjå kor godt både familien og pleiarane tok vare på henne. Det var godt å vera der, og eg reiste heim med meir fred i sjela enn då eg reiste heim. Sola skein då me reiste, og etterkvart kom det nokre regndropar. Bjørkene sprett, kvitveisen blømer, og naturen ser ut til å ha oppdaga at me er langt uti mai. Me var heldige med båten denne vegen og, det var lange køar på fergeleiet av bilar fulle av folk som hadde hatt langhelg på landet. Eg trudde me måtte venta på neste ferge, men jammen kunne me ikkje kjøra på som nokre av dei siste som fekk plass.
Vel heime hadde Sunniva besøk av ein gjeng med venner som sat rundt bordet og spelte brettspel. Ingrid kom for å få litt assistanse i eksamenslesinga og me rakk gjennom heile boka om norsk skulehistorie. Dette har verkeleg vore ein rikhaldig dag, kva har me ikkje nådd? Eg er glad og tenkjer at det må vera noko veldig sant i dei bibelske orda: «Som dagen er skal og styrken din vera.» I morgon ettermiddag skal eg møta ein mann frå begravelsesbyrået for å planleggja gravferda til onkel Odd.
«Life is what happens to you when you´re busy making other plans.»
Heidi
