Før auga mine dett igjen
så skal eg prøva å fanga dagen med ein sommarfuglhåv for å halda fast på litt av det som har vore. I dag er det den første dagen eg har sett blømande tulipanar, så nå kostar eg på meg eit tulipanbilete frå i fjor. Det er godt å sjå at naturen vaknar til live, sjølv om det veret me vakna til på desse kantar var regn og kuling.
I dag var det dagen då mor skulle opererast, og sidan dei ikkje var heilt nøgde med alle prøvane, var me litt i tvil om det vart operasjon eller ikkje. Først fekk me vita at det ikkje blei i dag, så fekk me vita at det vart likevel, og klokka tre fekk me vita at ho ikkje hadde blitt operert, men grundigare undersøkt, og i ettermiddag fekk me vita at det etter alt å dømma blir operasjon i morgon. Tanken på at nokon ein er glad i ligg på operasjonsbordet er ikkje det kjekkaste i verda, men nokre gonger må det til, og då er det godt å få gjort det.
Det mest spesielle eg har vore med på i dag, har vore eit møte med begravelsesbyrået. Eg og syster stilde som representantar for familien. Eg hadde dekka bord med kaffikrus, men det var bare eg som ville ha kaffi. I tillegg sette eg på ei lita skål med blåbær, ei lita skål med sjokolade og eit lys som eg oppdaga etterpå at eg hadde gløymt å tenna. Akkurat som når me skulle ha nytt kjøkken og eg oppdaga alle vala eg ikkje ante eksisterte som skapknottar og antal stikkontaktar, var det overraskande mange ting som skulle fyllast ut i ulike skjema, og ulike ting som skulle ordnast. På same måten som me måtte bestemma oss for kva slags knottar me skulle ha på kjøkkenskapa, så er det ulike typar kister, ulike typar programark, forskjellige kransar og bårebukettar, og forskjellige måtar å grava ei grav på. Me klarte å finna ut av det meste på ein fin måte, håpar eg. Eg har lært stadig meir om for meg lukka område i livet, som foreksempel at nokon må vera ansvarleg person for ei grav, det hadde eit yrkesuttrykk som eg ikkje hugsar lenger… Sidan det viste seg at onkel Odd var ansvarleg person for familiegravene, måtte nokon overta, og nå er sånn ca seks gravplassar innan mitt ansvarsområde her i livet. Eg håpar eg har eit visst utviklingspotensiale, og at eg klarer å halda dei i orden, her vil eg vel sikkert få litt hjelp. Eg er litt i tvil om dei bortimot hundre år gamle gravene til oldeforeldra mine, Elisabeth og Martin framleis eksisterer, det får eg prøva å finna ut av. På onsdag har eg ein avtale med presten, eg har sagt at eg vil halda minnetale for onkel, det er noko kjenner at eg gjerne vil gjera.
Plutseleg ringde det på døra og der stod Helen med ein fantastisk oppmuntringspresang frå dei næraste kollegene mine; fine lilla roser, mørk sjokolade og fine servietter med sauer på. Så mange fine folk eg kjenner. Og i kveldinga kom Ingrid, sidan eg var heime i kveld hadde eg lova at me kunne ha ein pedagogisk aften med litt oppsummering og samtale. Ho skal ha ein stor pedagogikkeksamen på onsdag og har lese flittig.
Nå kom Sunniva heim frå jobb. Ho fekk hagl i håret. Dei melder regn og kaldt ver på 17.mai, men det har hend før at veret har blitt betre enn sitt rykte. Katten mel iherdig og trykkjer ned bokstavane på tastaturet slik at eg må sletta det ho skriv. Ikkje alle menneske har ein skrivekatt. Eg sov litt dårleg i natt, så nå blir det tidleg kveld. Nokon dagar er ekstra innhaldsmetta. Dette er ein av dei…
Heidi
