Desse dagane i mai
Sjølv om ein ser vekk frå alt det spesielle rundt oss akkurat nå, så er mai ein ganske intens månad i seg sjølv. I dag kostar eg likevel på meg å starta med eit bilete av jenta me henta heim frå folkehøgskulen, og av eit av kunstverka hennar frå fotoart, rett til venstre for henne. Eg var verkeleg imponert over utstillingane dei hadde laga. Biletet, der Irene er fotomodell, heiter «For det er en ond tid», eller noko i den retninga. Eg valde å ikkje bruka tittelen som overskrifta på bloggen i dag, for trass alt me står oppi, så er ikkje dette ei vond tid. Det er ei god tid. Og det gjer godt å kjenna etter at det faktisk er det det er…
Det aller beste som har skjedd i dag, er at mor har operert den eine av to vonde hofter, og at alt ser ut til å vera vellukka og bra. Elles så er livet inne i rom fylde av sju-åtteåringar godt og vårleg sjølv om det er kaldt ute. Kvar og ein kunne bli nasjonal i sinnet av å høyra dei synga «Ja vi elsker» og «Norge i rødt hvitt og blått» , og av å sjå dei sitja ivrig konsentrerte og farga papirflagg i nasjonalfargane slik at me kan laga eit skikkeleg 17.mai- vindu i klasseromet. I morgon skal me laga fine blomar som me kan henga opp i vindauget mot skulegarden for å skapa litt sol og bløming i det som i følge rykta skal bli ein 17.mai med mykje regn.
I dag var det faktisk siste dagen med noko som likna vanleg dramaundervisning etter 12 år som dramalærar i kulturskulen. Nå gjenstår bare forestillingane og det som høyrer dei til. Eg skal ikkje påstå at øvingane var udramatiske, men etter så mange år med forestillingar i skule og kulturskule er Jan Ivar og eg vane med det meste, så eg vågar å påstå at det skal litt til for å vippa oss skikkeleg av pinnen. Som regel endar det bra til slutt… Heldigvis har me framleis nokre dagar på oss før me skal i scenelyset, som me forresten ikkje har lenger, fordi nokon braut seg inn i aulaen og stal det gamle lysbordet vårt. Mikrofonane er heller ikkje det dei eingong var etter nokre frekvensendringar og litt forskjellig… Men for å støtta oss til det me verkeleg har… Danske blodkapslar, direkte heimborne frå København som me kan bruka når Madicken slåst med Mia og når Thea slår naseblod på Anthony. I verste fall har me sikkert ein pappnase eller to nede på kostymelageret. Og på ein måte kjennest ikkje forestillingane i år så nervepirrande som dei vanlegvis gjer. Det har dukka opp så mykje som heilt klart er mykje viktigare i den store samanhangen. Akkurat det er dei jo faktisk greitt å bli minna om av og til når stressnivået stig over ting som ikkje går på livet laus.
Den gongen eg var på Ipna, kjøpte eg ei lita bok med irske velsigningar. Eg trur det er dagen for ei av dei:
Deep peace of the running wave to you.
Deep peace of the flowing air to you.
Deep peace of the quiet earth to you.
Deep peace of the shining stars to you.
Deep peace of the som of peace to you.
Heidi
