Gå til innhald

Would you know my name, if I saw you in heaven?

mai 15, 2013

Tåke og skog i maiDagen starta med at eg vakna på sofaen og hadde forsove meg litt. Det var vanskeleg å sovna i går kveld, og sånn mellom to og halv tre sovna eg på sofaen i stova. Der var ikkje vekkjarklokka, så då ho ringte ti over seks, så nådde ikkje lyden meg… Men eg bur i eit hus der fleire enn meg må tidleg opp, så forsovinga varde ikkje i meir enn ein halvtime, litt seinare enn eg hadde tenkt ankom eg jobben på sykkel, og fekk ordna det meste som ordnast skulle før elevane kom. Dei får eit kvarters tid på seg kvar morgon frå me låser opp dørene til undervisninga begynnar, og framleis er dei ikkje eldre enn at det er stas å koma først til klasseromet og få litt morgonmerksemd frå dei vaksne. Sidan 17.mai nærmar seg kom dei inn til lyden av Norge i rødt, hvitt og blått. Dei koselegaste føremiddagane i veka er onsdagar, då underviser eg andreklassane i kunst og handverk. I dag var oppgåva enkel og koseleg, nemleg å dekorera papirblomar som me heng opp i vindauga til 17. mai. På ettermiddagen hadde eg med meg to elevar for å flikka på klassefana frå 1.klasse, som me hadde bestemt oss for å behalda sånn omtrent som i fjor. Dessverre hadde eg ikkje vore lur nok til å gå for eit eitt-tal som lett kunne endrast til eit to-tal. Det får eg heller vera klok nok til å gjera neste år, for nå er det bestemt at eg skal ned i første klasse att. Det er med stor sorg eg forlet dei flotte andreklassingane våre, men det blir heilt sikkert fint det andre og.

Ei av dei søtaste vårhistoriene eg har opplevd som lærar er då me eit år øvde på tekstane til nasjonalsongane før 17.mai gjennom å ha dei i leselekse. Elevane skulle lesa eit vers kvar. Då turen kom til ein svært kreativ, men ikkje alltid like bokinteressert elev vart verset hans lydande som fylgjande:

No livnar det i lundar,

no lauvast det i li,

den heile skapning stundar

no fram til klokka ti!

*

Kva som skjedde klokka ti? Det var friminutt sjølvsagt! Alltid noko å sjå fram til!

*

I går på spespedmøte stilde eg med telefonen på. Som eg sa til nokon. «Eg har ein onkel som eg skal ordna gravferd til, ei farmor som ligg alvorleg sjuk, og ei mor som ligg på operasjonsbordet, så eg er nøydt til å få vera tilgjengeleg. Telefonen ringde, og det var begravelsesbyrået som trong ei godkjenning til noko. I dag var det sørgesamtale med presten som stod for tur. Me hadde avtalt å ta samtalen på telefon slik at arbeidsdagen kunne gå som vanleg. Ein lang samtale i arbeidstida kosta eg riktig nok på meg, og eg trur det skal bli ei fin gravferd. Eg vil gjerne at sermonien skal bli ein vakker avslutning på eit liv og for eit menneske som me er glade for å ha fått ha i blant oss så lenge. Presten sa det eg tenkte: Det er nesten synd det er ein lukka begravelse. Det er eg heilt samd i. Onkel var ein mann som ikkje ønska stor merksemd rundt seg sjølv, og han har bestemt på førehand at det ikkje skal vera ei vanleg open gravferd, men ei samling for den næraste familien. Sjølv set eg stor pris på det vanlege norske systemet med opne gravferder der alle som vil kan få vera med på avskjeden. Men det får bli som han har uttrykt det og ønska det.

*

Eg er ein forsiktig, for ikkje å seia overforsiktig sjåfør, så sporstgreina øvekjøring har eg overlate til barna sin far, heilt til dei kan kjøra godt. Halvard har lenge ønska kjøreturar med mor si, men eg har vegra meg heilt til nå. I dag gjekk eg med på å ta ein tur, men trua på førehand med at viss han kjørde uforsiktig eller ikkje forhaldt seg til instruksjonane mine, så var det siste gongen han fekk øvekjøra med meg. Spesielt la eg vekt på at forbikjøringar bare var tillete i ytterste nødsfall, som viss me vart liggjande bak ein traktor, og at viss det var uoversiktlig, så tok me oss heller ein pause på eit busstopp enn å kjøra forbi. Det viste seg at bekymringane var ubegrunna. Han kjører rett og slett så bra at eg nesten gløymde at eg hadde ansvaret for det heile. Han hadde til og med med seg foreldrevennleg musikk og til tonar av Beatles, Fifty ways to leave your lover og Tears in heaven, vart det ein riktig koseleg kjøretur på halvannan time. Eg har lova at det skal bli fleire i vekene fram til oppkjøring.

*

Etter å ha vore relativt flink til å ta turar innom helsestudioet i mars og april for å ta turar på tredemølla, har livet føltest litt for overmøblert dei siste vekene. I dag vart eg likevel lokka med, eigentleg litt mot min vilje, men det gjorde heilt sikkert godt. For første gongen har eg prøvd meg forsiktig på å løfta vekter. Starta med ti kilo i kvar hand, og slo fast at det ikkje var spesielt tungt. Har ein liten teori om at viss eg nokon gong i løpet av livet kunne ha hevda meg i noko som liknar idrett, så måtte det ha vore i styrkeløft… Alt som treng hurtigheit, koordinasjon, balanse eller ballteft har vore heilt uaktuelt, og kjem nok dessverre til å vera det i framtida og.  Eg kan faktisk ikkje hugsa at det var spesielt sårande å bli vald sist på laget i handball og kanonball, det var bare slik det var. Med eit heiderleg unntak av då eg var på klasselaget i fotball første året på ungdomsskulen og vart sett i forsvar med det absolutte mandatet å bomma på ballen og sparka toppscoraren i niandeklasse hardt i leggen… Those were the days, oh yes, those where the days… Men nå er det ein god idé å la dagen gå inn for landing.
Heidi

From → Barna mine, mai, sorg

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget