Gå til innhald

Måke jagar kråke

mai 16, 2013

glassmaleri Bryne kyrkje

Korfor ikkje visa glasmaleriet til Per Odd Arrestad i den nyoppussa kyrkja vår? Det er aldri feil med litt lys og himmel over dagen. Overskrifta spelar forresten på at eg to dagar på rad har sett kråke i konflikt med måke i lufta. Eg har tenkt kvar gong at det kunne blitt eit fint fotografi med kvit måke nebb mot nebb med svart kråke mot den blå himmelen. Begge gongene har eg blitt ståande for å sjå kven som jagar kven, og det virkar som om måken er den fornærma parten som nesten bokstaveleg talt prøver å kjeppjaga kråka. Dette skjedde to forskjellige stadar, så eg trur ikkje det er dei same fuglane. Kanskje kråka prøver å meska seg med måkeegg? Ikkje veit eg. Eg veit bare at eg finn fuglar fascinerande og gjerne skulle brukt meir tid på å læra meir om dei.

I dag kom ei jente i andre klasse med eit tomt syltetøyglas med eit eggeskal liggjande på mjukt papir. Egget var nyleg klekka eller røva. Det var krittkvitt og veldig tynt i skalet. Storleiken var omtrent som ein cherrytomat. Ho hadde funne det i ein hekk på veg heim frå skulen, og ville gjerne visa det til dei andre barna. Ho lurte på om eg kunne visa dei bilete av fuglen som hadde lagt egget, men eg måtte melda pass, så noko særleg til hobbyornitolog er eg nok ikkje. Dei fleste fugleegga eg har sett har vore lysebrune, blå eller spettete. Dette var kvitare enn eit hønseegg, tynnare og mjukare i skalet og mykje mindre. Kanskje nokon kan hjelpa meg? På tross av at nokon i beste fall har kome kvitrande og levande ut av eggeskalet, så er våren framleis rekordsein, bjørka har sprunge så vidt det er, og løvetennene er i ferd med å opna seg. Krisebærtreet som vanlegvis blømer siste veka i april, viser ingen teikn til å bera blomar den første veka. Det er når våren er sein og kald at pessimistane sånn ca i slutten av neste veke plar oppmuntra oss andre med eit » Ja, ja, nå er det under ein månad til sola snur…»

Klokka ti gjekk me ut for å plukka søppel rundt skulen for at det skulle bli fint til 17.mai.  Det var ganske kaldt og hustre, sjølv med ulljakke under vinterjakka, men til mi store overrasking var det som om lufta var heilt ny då eg skulle ut for å handla tre billige genserar som Lotta kan klippa i stykker på forestillinga på tysdag. Det kjendest som om det var nesten ti grader varmare enn det hadde vore tidlegare på dagen. Akkurat nå regnar det, men dei har ombestemt seg til at det skal bli opphaldsver i morgon og at det skal bli temperaturar som nærmar seg 20 grader. Det høyrest ikkje dumt ut. I morgon er russen i huset ferdig med å vera russ, og det sørger eg i grunnen ikkje så veldig over… Og det er litt deilig at tidene med å stå opp grytidleg på 17.mai for å kle fire ungar i bunad til 17.maitoget også er over. Det var fine år, men eg gler meg over tanken at i morgon kan eg sova litt lenger. Ha ein fin 17.mai, alle saman.

Heidi

From → mai, Natur, våren, veret

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget