Gå til innhald

17.mai 2013

mai 17, 2013

17. mailam

Desse to små fredelege vesena får representera min lågmælte form for nasjonalisme og lokalpatriotisme for i år. For visst kjem eg frå den kommunen i landet med mest sau. I føremiddag då me reiste opp til mor og far for å sjekka korleis det gjekk med pasienten etter hofteoperasjonen, såg me mange nydelege lam, og på biletet syner det tydeleg at det grøne omsider er i ferd med å overta for det fjorgamle halmgule. Eg tek meg sjølv i å håpa at det ikkje gjorde alt for vondt å bli øyremerka. Det er sikkert ikkje meir vondt å få ein gul lapp i øyra enn å bli klypt med farfar si bumerketong slik dei gjorde i barndomen min. Men det ser litt tungt og upraktisk ut, og lamma ville vel strengt tatt vore endå finare utan…

Det har vore nokre særs travle veker nå før 17.mai, og for første gongen i livet mitt tenkte eg at om det regna, eller om eg var ekstra trøytt, fekk 17.mai vera 17.mai og barnetog vera barnetog utan mi hjelp. Halvard hadde alle russevennene sine i kjellarstova i går kveld, så det var ikkje så lett å gå veldig tidleg til ro. Likevel stilde eg vekkjarklokka så tidleg at viss eg ville i veg, så kom eg til å rekkja ein kopp kaffi og ein dusj og likevel nå barnetoget. Då eg vakna, kjende eg at eg måtte ned og kikka litt, så etter kaffien la eg i veg saman med mannen i mitt liv som let seg lokka med med kamera rundt halsen.

Frokosten tok me då me kom heim att to timar seinare, det smakte nydeleg med rugbrød med sennepssild og kokte egg til. Så gjorde eg ein avtale med syster, pynta bløtkaka med jordbær og blåbær som me tok med oss i bilen opp til mor og far. Det var godt å sjå at mor bokstaveleg talt var på beina att, sjølv om det framleis gjer vondt å gå. Det er bra at hofteoperasjonen er vel overstått, sjølv om det viste seg at ho måtte gå bort i frå planen om å operera begge hoftene samstundes. Nå skal ho ta den andre sida ein gong før jul. Dei vart glade for både besøk og bløtkake, og me hadde nokre trivelege timar i lag saman med syster og svoger.

Så var det å gjera avtalane med generasjonen under oss. Ingrid og Oddvar hadde andre planar, men Sunniva, Halvard og Odd Christian åt middag her heime. For første gongen i år, fyrde me opp utegrillen og grillde krydra pølser av eit slag som var hakket meir avanserte og pikante en norske grillpølser. Det var nesten vemodig, å dekkja bord med 17. maiserviettane med flagg og blomar som eg fann i skuffa til svigermor då me rydda ut av kjøkkenet hennar i februar. Sidan har dei ligge hos meg og venta på 17.mai. Det rare er at det er dei små tinga som skapar dei sterkaste minnene. Tidlegare i veka fann eg eit kjøkkenhandkle i skuffa mi, som  og heilt tydeleg kom frå svigermor. Det var eit rutete linhandkle av den typen som alle tørka glas og tallerknar med då eg var lita. Det spesielle var at det var så sirleg stroke og bretta at det ikkje var antydning til ei einaste lita rynke i stoffet. Mi salige svigermor var den grundigaste strykaren eg har møtt i mitt liv. Alt i skapa hennar var så nøyaktig stroke og bretta at eg aldri har sett liknande. Sjølv har eg vel snautt nok stroke eit koppehandkle i vaksen alder, så det er rart å innrømma at dette bretta rutete tøystykket fylde meg med ein slik lægmælt ærefrykt at det nesten var vanskeleg å ta det i bruk. Så i dag har eg med andakt teke i mot desse små lågmælte helsingane frå alt som ein gong var, og så får eg vel heller innsjå at eg er meir sentimental enn eg likar å tru.

I går kom snille Ellen med stemorsblomar, raude smånellikar og ein stor ampelplante som takk for at eg skreiv ein konfirmasjonssong til henne for nokre veker sidan. Så nå blømar det så smått i dei blå keramikkrukkene ute i gardsromet, og i kirsebærtreet blømer det i det minste små raudlilla blomar frå ein ampel. Og me har faktisk fått eit ganske stort bjørketre i hagen som akkurat nå står utanfor vindauget mitt med kvitt slør over stammaen og viftar med limegrøne nyfødde bjørkeblad. I fylgje vermeldingane er det nå det skal koma sol og varme, det gler me oss veldig til.

Sunniva er angripen av ein god gammaldags forkjølelse, så ho har hatt ein roleg dag. Me får prøva å passa på stemmen spesielt sidan det er meininga ho skal synga solo i gravferda på onsdag. I tillegg har ho fått seg vikarlærarjobb på språkstasjonen, og bør helst vera frisk til ho startar opp på tysdag. Sidan fleire av oss trong ein roleg 17.mai så har me brukt deler av kvelden til å sitja tett saman i sofaen med kaffi og bær med is og krem, det er trass alt nasjonaldagen, og då er det obligatorisk med is. Me har sett filmen «Blue jazz», eller noko slikt, ein rar, men ganske fin film, trur eg me konkluderte med.  Nå er flagget henta inn i stova, og kvelden er snart klar for å plukkast ned for landing. Framleis er det lyst ute. Eg er svak for det fine sommarnattlyset me skal ha frå nå av og eit par månadar framover.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget