Mamma heile livet
Sidan det teknisk sett er blitt 19.mai, og sidan 19.mai er gebursdagen til Sunniva, så er det frå og med nå bare ein tenåring att i familien. Sidan dei yngste kom tett, så er det bare litt over eit år til eg kan seia at femten år som tenåringsmor er gjennomført. Likevel slår det meg at når ein først er mammaen til nokon, så blir ein det nok heile livet, og fint er det. Sjølv tjuefemåringar kan stilla spørsmål av typen: Kva skal me/ dokke ha til middag i dag, og dei som fyller tjue eller tjuefire er framleis glade i å bli strokne gjennom håret ellet klødde på ryggen når dei foreksempel ser på fjernsyn.
Det mest fantastiske i dag var at sommaren plutseleg var der. Plutseleg var det slik at sommaren av alle ting bare var her heilt utan førevarsel. Folk gjekk rett frå vintersko og varmedressar til å blotta store mengdar vinterbleik hud, og dei som har handla krem med solfaltor dei siste vekene må vera på eit heilt anna plan enn meg reint planleggingsevnemessig. Det var nesten som om me såg graset veksa og såg dei intenst grøne, klissete bjørkeblada spretta eit for eit.
Eg hugsa å sykla ut og kjøpa kjøttbollar til Karlson på taket. Det er ikkje lite bare det. Det var kjempedeilig å sykla i sommartemperatur med flagrande hår med varm vind i. Etterpå vart det lang øvingskjøringstur med Halvard, han fekk kjøra til Egersund der han skal ta oppkjøringa, og me kjørte litt rundt i sentrumsgatene og opp dei bratte bakkane rundt byen. Han kjører faktisk veldig bra nå, så viss han stryk trur eg faktisk det må skuldast nerver eller uflaks. Ein pause på ein bybenk i den fine sommarsola vart det og plass til
Det er kanskje å ta i litt hardt å seia at deler av huset vårt kunne fungera som ei dødsfelle for støvallergikarar, for me har faktisk nokon av dei i huset som har klart seg ganske greitt til nå. Men i dag drog eg forsiktig fram nattbord og dobbeltseng for å kunna vaska litt skikkeleg under senga. Det var då felletanken streifa hovudet mitt… Eg har brukt større deler av dagen, enn det eg eigentleg har lyst til å prioritera, til skaprydding og soveromsrydding. Det måtte bare skje, og ein del fekk eg gjort. Men alle dei fine magasina eg gjerne vil ta vare på, er nå flytta frå ein stol på soveromet til ein stol på arneidsromet. Det kunne jo virka som om eg bare flytta rotet, men det er ikkje kvar dag rotet mitt tek så mange steg, kan eg betru lesarane mine. For første gongen på veldig mange år, har eg sett heile «Melodi grand prix», eller «European songcontest» ,som programleiarane tydelegvis var pålagde å kalla showet. Det er visstnok bare her i Norge det heiter Grand Prix, og ingenting anna. Sunniva var halvsjuk, så ein kveld i sofaen med mamma passa henne bra. Odd Christian kom syklande frå grill- og badetur med gjengen sin, og då passa det godt med eit varmt karbad og litt fjernsyn og smågodt i barndomsheimen.
Nå er det for seint å ta tidleg kveld, så det får bli ein litt sein kveld i dag og. I morgon føremiddag skal eg lesa dikt i kyrkja, og etterpå blir det feiring av tjueåringen vår. Nå blir det spennande å sjå om me får behalda sommaren ein dag til.
Heidi
